Administrerande leiar for barnevernet Sturla Helland seier til avisa Grenda at han ikkje ser andre løysingar enn å avslutte ein del av dei tiltaka som er i gang.
Må bryte lova
- Det betyr at nokon born ikkje får den omsorgen som fylkesnemnda har sagt dei har krav på. Om det er lovleg eller ikkje veit eg ikkje, seier han til NRK Hordaland.
Kommunen er i dag pålagt av fylkesnemnda å ha omsorg for ei rekke born.
- Me må sjølvsagt snu alle steinar, men eg finn det vanskeleg å vera ansvarleg for eit barnevern som må setja ungar på gata.
Politikarane på banen
Helland håper dei får ein dialog med kommunepolitikarane neste år.
- Eg håper me kan få eit barnevernbudsjett som er i tråd med det som er realitet i forhold til det me treng.
Han ber politikarane konkretisera kvar han skal henta pengane.
18. desember blir det avgjort om kutta blir gjennomført.