NRK Meny
Normal

Må bruke millionar på å fikse dette

I denne tunnelen flerra ein lastebilsjåfør opp 70 meter av tunnelduken i taket. Vegvesenet er lei av sjåførar som ikkje respekterer høgdehindera i tunnelane.

Sædalstunnelen

SMELL: Lastebilen brasa oppi taket med ei kran på lasteplanet, og flerra med seg fleire titals meter med tunnelduken. Millionkostnaden er det Vegvesenet som sit att med.

Foto: Marius Erstad

Kostnadane med å reparere skadane etter smellen i Sædalstunnelen i Bergen vil bli på over to millionar kroner, og tunnelen vil verta nattestengt i fleire veker framover.

Det var i slutten av februar at ein lastebilsjåfør med krana oppe skrapa oppe i taket og reiv mellom anna med seg 70 meter av tunnelduken i den 300 meter lange tunnelen. Ein del elektrisk utstyr må også reparerast.

– Sannsynlegvis feilrekna han høgda, seier byggeleiar Svein Tore Drevsjø i Statens vegvesen til Fanaposten, som først fortalde kva det vil kosta Vegvesenet å retta opp i skadane.

– Eit relativt stort problem

Løvstakktunnelen

RIV NED HØGDEHINDERA: Det er slike hinder som i Løvstakktunnelen i Bergen som jamleg blir øydelagde av lastebilar og vogntog. Om ikkje det blir oppdaga kven som øydeleggar hindera, blir det i ytterste konsekvens skattebetalarane som må punga ut.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Til NRK fortel Drevsjø at store bilar som tek oppi tunneltaket og øydelegg utstyr diverre ikkje er eit ukjent problem for dei.

– Det er eit relativt stort problem at tungbilsjåførar tek oppi og riv ned høgdehindera og anna i tunnelane. Heldigvis går det sjeldan så gale som det gjorde denne gongen.

Drevsjø legg til at eit høgdehinder vert rive ned minst ein gong kvar veke. Han ber sjåførane bli flinkare til å respektera både høgdeskilt og høgdehindera som heng i taket på starten av tunnelane.

– Dei har ein liten tryggleiksmargin i forhold til installasjonane i tunnelen, så mange sjåførar tek likevel sjansen på å køyra inn sjølv om dei tek i hindera. Då snik dei seg akkurat under utstyret, men det er ikkje ein trygg måte å gjera det.

Kan ramla ned på andre bilar

Byggeleiaren seier det kan ta veker før dei vert klar over mindre skader som har oppstått i tunnelane.

– I mellomtida kan det til dømes ramla ned og treffa andre bilistar.

Han har ikkje oversikt over kva Vegvesenet årleg brukar på å fikse skadar etter samanstøyt mellom taket og eit stort køyretøy, men opplyser om at eit høgdehinder kostar over 80.000 kroner å erstatta.

– Skilta syner av og til feil

Geir A. Mo

Direktør Geir A. Mo i Noregs Lastebileigar-Forbund.

Foto: NRK

Noregs Lastebileigar-Forbund (NLF) meiner skiltinga ved mange norske tunnelar lurar sjåførane.

– Skiltinga skal respekterast, men vegvesenet må installera overvakingsutstyr, sette opp tøffare hinder eller bygge tunnelane høgare dersom det er eit problem at folk ofte tek sjansar, seier direktør Geir A. Mo til Fanaposten.

Han syner til Trøndelag der det er døme på tunnelar som er skilta med ei høgd eine vegen og ei anna høgd andre vegen.

– Eit anna poeng er at høgda som er oppgitt berre gjeld i sentrum av tunnelen. På smale vegar tek difor mange oppe i taket når dei må legge seg ut på grunn av møtande køyretøy.

Sædalstunnelen i Bergen vil halda nattestengt frå klokka 22.00 – 05.30, måndag til fredag i uviss tid framover.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo