Hopp til innhold

Må brenne store mengdar plast

Kvar veke må BIR brenne store mengder plast, i staden for å resirkulere den. Årsaka er at mange kastar anna søppel i plastkonteinarane.

Mette Nygård Havre

FLEIRE KAN BLI FJERNA: Kommunikasjonssjef i BIR, Mette Nygård Havre, seier enno fleire plastkonteinarar kan forsvinne dersom folk ikkje sluttar å fylle dei med søppel.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Ved BIRs returpunkt i og kring Bergen kan ein levere avfallet som ikkje blir henta ved private bustadar. Men å bli kvitt plasten sin blir stadig vanskelegare.

Plastcontainer

KAN BLI FJERNA: BIR varslar at dei kan komme til å dra inn enno fleire plastcontainerar, og har hengt opp plakatar på fleire av returpunkta i Bergen.

Foto: BIR

Dei siste to åra har BIR fjerna nesten ein av fem plastcontainerar, og fleire kan forsvinne. Årsaka er at folk kastar restavfall og søppel i plastcontainerane.

– Her er gamle sko, q-tips, til og med nokre elektriske varer ligg nedi her, seier kommunikasjonssjef i BIR Mette Nygård Havre, og syner fram noko av søppelet folk kastar i konteinarar for plastgjennvinning.

På grunn av feilsorteringa risikerer no enno fleire å miste moglegheita til å levere plast.

– Fleire containerane står i fare for å bli trekt inn, fordi det er så mykje feilsortering, seier Nygård Havre.

LES OGSÅ: Brukar Røde Kors sin pantekonteinar som bosspann

– Utruleg trist at det ikkje fungerer

Sondre Båtstrand

– FREKT: Det er nok av andre moglegheiter til å kvitte seg med restavfall. Ein treng ikkje å øydeleggje for alle andre, seier bystyrerepresentant i Bergen, Sondre Båtstrand (MDG).

Bystyrepolitikar for Miljøpartiet de Grønne, Sondre Båtstrand, meiner det er direkte frekt av dei som misbrukar plastsorteringa.

– Det er utruleg trist at returpunkt ikkje kan fungere. Det er nok av andre moglegheiter til å kvitte seg med restavfall. Ein treng ikkje å øydeleggje for alle andre.

Miljøpartiet de Grønne meiner BIR bør gå over til å hente plasten som folk sorterar heime, også i Bergen sentrum, der det stort sett er plastkonteinarar i dag.

– Ein har henteordningar utanfor sentrum, og det er godt mogleg at me må få innført dette i sentrum også, seier Båtstrand.

Meiner bossnettet blir løysinga

Men i Bergen sentrum er det ikkje mogeleg å hente plasten hos alle, meiner BIR.

– Det er tronge smau, og rett og slett ikkje plass til at alle dei som har eige restavfallsspann i tillegg skal ha eige spann for papir og moglegheit til å setje ut plastsekk, seier Mette Nygård Havre i BIR.

Plastcontainer

FJERNAR CONTAINERANE: BiR har merka plastcontaineren i Marken i Bergen med åtvaring om at den kan bli fjerna. Like etter fekk containeren ein ny melding, denne gongen frå naboar som ber fint om å få halde på moglegheita til å levere plast.

Foto: BIR

– Brannvesenet er også redd for brannfaren i alle dei tronge smaua der det står bosspann. Det er heller ikkje noko ønske frå dei at det skal komme ut fleire spann i sentrum.

Ho meiner løysinga på problemet kan bli det nye bossnettet i Bergen som skal gå i rør under jorda. Då kan folk kaste plastemballasje i same nedkast som papir, så sorterast det kvar for seg i etterkant.

– Bosspanna skal heilt vekk i åra som kjem. Alt no i slutten av 2015 blir bossnettet opna, og då kan fyrst dei som bur på Nøstet kvitte seg heilt med behaldarane sine.

Bossnettet skal vere fullt utbygd i 2030.

LES OGSÅ: Bergen får verdas største boss-sug-anlegg.