Hopp til innhold

Lysbakken: – Stortinget må rydda opp

SV-leiar Audun Lysbakken krev avklaring på om barn har rett på barnehageplass eller ikkje.

Audun Lysbakken

FOR DÅRLEG: At barna kan få igjen plassen ved neste opptak er for dårleg, meiner SV-leiar Audun Lysbakken. Her frå tilhøyrarplass under bystyremøte på onsdag.

Foto: Sølve Rydland

– At barna kan få igjen plassen ved neste opptak er for dårleg, meiner Lysbakken.

Onsdag denne veka vedtok bystyret i Bergen, med klargjeringar frå kunnskapsdepartementet i ryggen, at barn kan mista barnehageplassen om foreldra ikkje betalar.

Jana Midelfart Hoff

VEDTAK: Onsdag vedtok bystyret i Bergen at barn kan mista barnehageplassen om foreldra ikkje betalar.

Foto: Sølve Rydland

– Når det er juridisk uklart kva rett ungane har, så meiner eg at det er eit politisk ansvar å rydda opp. Det held ikkje at desse barna skal koma inn igjen i barnehagekøen, dei burde aldri ha blitt kasta ut av barnehagen i utgangspunktet, seier Lysbakken.

Lysbakken meiner Stortinget bør gje eit tydeleg signal på om kommunane har lov å seia opp barnehageplassane om rekninga ikkje vert betalt.

– Dei bør lytta til barneombodet og sikra at ungane ikkje blir kasta ut, seier Lysbakken.

Uklare reglar

Jusprofessor Karl Harald Søvig ved Universitetet i Bergen sa til NRK onsdag at reglane er uklare.

Jana Middelfart Hoff

TRYGG PÅ VALET: Jana Midelfart Hoff frå Høgre er trygg på at Bergen kommune har funne ei god ordning.

Foto: Sølve Rydland

– Lova seier ikkje noko om det. Eg trur det vil vera klokt å få ei avgjerd frå lovgivar. For no kan vi risikera å få forskjellig praksis i ulike kommunar, seier Søvig.

Søvig meiner at Stortinget snarast bør avklara om kommunane faktisk kan ta plassen frå barna eller ikkje.

– Funne ei god ordning

Byråd for barnehage og skule, Jana Midelfart Hoff frå Høgre er trygg på at Bergen kommune har funne ei god ordning.

Onsdag vedtok bystyret at barn kan miste plassen, men at barna har krav på ny plass ved neste opptak. Ho meiner det vil vera heilt feil om Stortinget skal nekta kommunane å seie opp barn.

– Det synest eg er ein heilt feil måte å gripe problemet på. Ein må ta stilling til om barnehagen skal vere noko ein betalar for eller ikkje. For om ein skal betale for barnehagen, så må det nødvendigvis og vera eit ris bak spegelen om ein ikkje betalar, seier Hoff.