Hopp til innhold

Lyngbrann i hytteområde på Sotra

Eit lite bål er årsaka til lyngbrannen på Sotra.

Lyngbrann Foldnes

LYNGBRANN: Brannmannskaper fra Bergen og Sotra deltar i arbeidet med å slukke brannen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Politiet fekk melding om brannen klokka 12.45. Den starta ved eit hytteområde som heiter Nordre Vågen på Foldnes kai på Sotra.

– Veldig tørt

– Vinden går i retning hytteområdet, og det er veldig tørt no, så me er redd for at hyttene kan bli tatt, sa Terje Magnussen i Vest politidistrikt til NRK like etter klokka 13.00.

Gressbrann

HYTTEOMRÅDE: Politi og brannvesen frykta ei stund at hytter kom til å bli tatt av lyngbrannen på Sotra. Like før klokka 13.30 melder brannvesenet at den ikkje ser ut til å spreia seg til hus og hytter i området.

Foto: VIDAR HALSØY / 03030-TIPSER

– Det er veldig mange hytter i det området, seier augevitne på staden, Vidar Halsøy.

Einingar frå Laksevåg og Sotra er komne fram til staden, og har starta sløkking.

– Det ser ut til at det går bra med hyttene, men brannen er framleis ikkje under kontroll, seier Stig Tetler, vaktkommandør ved 110-sentralen.

- Bål ute av kontroll

Klokka 14.15 opplysar 110-sentralen at brannen er under kontroll.

Lyngbrannen vart starta på grunn av eit bål, ifølgje politiet.

– Eit lite bål som vart laga av to vaksne kom ut av kontroll, ifølgje innsatsleiar Njål Hope frå Bergen vest politidistrikt.

Dei kom uskadd frå hendelsa, men vart undersøkt av helsepersonell på staden.

Laster Twitter-innhold