NRK Meny
Normal

Lyn slo hol i fleire hustak: – Himmelen eksploderte

Kraftige lynnedslag førte til svidde sikringsskap og ulande brannalarmar.

Stort lynnedslag i Bergen 2016

KRAFTIG: – Himmelen eksploderte og det var enormt kraftige lyn, seier lynjeger Ronny Tertnes, som fanga

Foto: Ronny Tertnes / Lynradar.no

Fleire merka godt at det smalt over himmelen i Hordaland i går kveld. Like før klokka 21.00 slo lynet ned i Nesttun-området i Bergen.

– Det var enormt kraftige lyn, seier Ronny Tertnes, som driv nettstaden lynradar.no.

Han har sendt biletet øvst i saka til NRK. Det viser lynet som slår ned i høgre kant av biletet.

– Eg opplevde lyna som over snittet kraftige, sjølv for vinterlyn som pleiar å vera sterkare enn sommarlyn her på Vestlandet, seier Tertnes.

Slo hol i taket

Dei som kanskje fekk kjenne det aller mest på kroppen var bebuarane i eit bustadhus på Aurdalslia på Sandsli i Bergen.

Eitt av lyna som slo ned over fylket i går knuste nemleg hol i taket på huset.

– Stikkontaktar og sikringsskap vart svidd, men det vart heldigvis ingen brann, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen.

Brukar varmesøkjande kamera

Han seier dei sjeldan ser at lynet slår hol i eit hustak, og det er også ganske spesielt at eit heilt straumskap går opp i røyk.

– Det var omfattande skadar, og slik eg forstår det var huset ikkje buandes i går kveld. Eit saneringsselskap tok over etter at vi og BKK var ferdig med vårt arbeid.

Men det var ikkje berre på Sandsli at lynet slo gjennom hus. Også på Skjold fekk eit bustadhus kjenne himmelens vreide. Her gjekk hovudsikringa og det vart eit mindre hol i taket.

Meldinga om dei to lynnedslaga kom inn klokka 20.47 og 20.50. Brannvesenet sjekka begge stader med varmesøkjande kamera, for å forsikre seg om at ikkje brannar var på gang i veggane eller i det elektriske.

14 lynnedslag

Ifølge Sintef Energi var det 14 lynnedslag over Bergen og omland i går kveld.

– Det var ein del kraftig tore. Spreidninga av dei var ganske stor, altså dei slo ned på mange ulike stader. Ikkje berre i eitt område, seier Oddgeir Rokseth til Bergensavisen.

Han legg til at lynnedslaga varierte mellom 60 og 160 kiloampere i styrke.

Lynet i går gir framleis arbeid for brannvesenet i Hordaland. Villanger ved 110-sentralen fortel at mange automatiske brannalarmar gjekk av når lynet slo ned i det elektriske. I dag er det nokon som må teste systema for å få dei til å fungere som normalt igjen.

– I Odda har den vidaregåande skulen problem med brannalarmane, så vi hjelper dei med testing av systemet i dag.

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017