Lurte si demente mor til bustadsal

Sonen fekk si demente og pleietrengande mor på 90 år til å skriva under på ei fullmakt om å selja leilegheita hennar. Utbytet på 2,2 millionar sette sonen inn på eigen konto, skriv BA. Først etterpå blei 70-åringen sin bror gjort kjend med salet. No er bergensaren dømt til fengsel utan vilkår i eitt år og åtte månader for grovt bedrageri.