Hopp til innhold

Normal flytrafikk over Vestlandet igjen

Luftrommet over heile Vestlandet var i dag tidleg stengt på grunn av radarproblem. No er flytrafikken igjen tilbake til normal drift.

Flesland

PROBLEM: Både Flesland og fleire andre lufthamner på Vestlandet skal vere råka av problema.

Foto: Varde Media / Avinor

Flytrafikken over Vestlandet er no tilbake til normal drift.

– Det er ingen forseinkingar, seier fungerande lufthamndirektør Øystein Skaar i Avinor like før klokka 15.

– Vi har funne feilen, og jobbar med å rette den, seier Erik Lødding, kommunikasjonssjef i Avinor Flysikring.

I morgontimane var heile luftrommet over Vestlandet stengt på grunn av radarproblem. Både Flesland, Sola og Florø var råka.

Avinor har lokalisert feilen, men veit enno ikkje kor lang tid det vil ta å rette den.

– Flytrafikken til og frå Bergen og Stavanger lufthavn er no nesten som normalt igjen, med opp mot 10 minutts forseinking i luftrommet, seier Lødding.

– Vi har om lag 20 prosent lågare toppkapasitet, men slik det er no klarer vi oss fint, seier lufthamndirektør Øystein Skaar i Avinor.

Avinor stadfestar at kanselleringar på Vestlandet har forplanta seg til resten av landet, og at det difor kan bli forseinkingar også utover dagen på enkelte avgangar.

Passasjerar blir bedne om å møte som vanleg og følgje med på informasjon frå flyselskapa.

Framleis feil med radar

SAS opplyser at fordi feilen ikkje er retta, er det naudsynt med ekstra stor avstand mellom kvart fly som tar av og landar.

Flya har blitt sendt ut kvart femte minutt frå Flesland, og trafikken er difor ikkje heilt tilbake til normalen enno. SAS har blant anna innstilt ein rundtur til Bergen og til Stavanger.

Ved Stavanger lufthavn har det vore mange forseinkingar.

– Vi har ikkje fått av garde så mange fly som vi normalt gjer, så det har blitt ein del forseinkingar, seier Anette Sigmundsdal, lufthavnsdirektør ved Stavanger lufthavn Sola.

Radarproblema skaper også trøbbel for helikoptertrafikken, som har hatt forseinkar på rundt ein time.

Presseansvarleg i Equinor, Morten Eek, opplyser til NRK at selskapet håper og trur at forsinforseinkingane i helikoptertrafikken blir tatt inn i løpet av dagen.

Stoppa all trafikk

Ved Bergen lufthavn Flesland stoppa all trafikk då dei fekk melding om radarproblema.

Flya stod på bakken i rundt tre kvarter, fortel fungerande lufthavndirektør ved Bergen lufthavn Flesland, Øystein Skaar.

Rett over klokka åtte stadfesta Skaar at trafikken snart var i gong igjen.

– No normaliserer vi trafikken igjen, sa Skaar, men understreka at passasjerane likevel måtte rekne med forseinkingar.

Ved Florø lufthamn blei fleire avgangar innstilt.

– Det flyet som skulle ha kome til Florø og Førde no på morgonen, er innstilt, fortel Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim.

– Dei reisande, kva med dei?

– Dei bør vente og få informasjon av Widerøe i dag.