Hopp til innhold

Luftig rassikring 150 meter over Bergensbanen

Med bratte fjellsider både over og under, sørgjer desse arbeidarane for at du kan sitja litt tryggare på toget.

Rassikring for Bergensbanen ved Dalekvam

HEFTIG ARBEIDSKVARDAG: Du bør ikkje vera redd for å sjå ned når du jobbar med rassikring her på Dale i Hordaland. Ned til Bergensbanen er det 150 meter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Dei bør ikkje vera redde for høgder, dei som i desse dagar jobbar høgt oppe i fjellsida ved Dale i Hordaland. Med 150 meter omtrent rett ned til dalbotnen, jobbar arbeidarane frå Mesta med å sikra fjellsida for skumle ras.

Under dei passerer Bergensbanen på eit av dei farlegaste punkta mellom Voss og Bergen.

– Det er mykje stein som fell ned her, kvar einaste dag. Og det er veldig bratt der oppe. Vi har 150 meter med fjellvegg ned og 150 meter med fjellvegg opp, seier geolog Tove Knutsen frå Mesta medan ho skular oppover fjellsida.

SJÅ VIDEO. Å rassikra Bergensbanen er ingen jobb for pyser. Foto: Alrik Velsvik, NRK

Viktig rassikring

Seinast på nyttårsaftan i fjor dundra steinar på storleik med kjøleskap ned på jernbanesporet i Dalekvam. Ingen tog eller personar vart treft av raset, men jernbana var stengt i nokre dagar medan det vart rydda opp.

Det har vore viktig for Jernbaneverket å få sikra fjellsida. Arbeidet går ut på å setja opp fanggjerder som skal stoppe steinane som kjem i fritt fall frå den bratte fjellsida lenger oppe.

I dag har helikopter vore på staden for å fly inn stolpane som skal halda fanggjerdene. Då bles det godt kring arbeidarane, men dei er naturleg nok skikkeleg sikra med tau.

– Eg tykkjer dette er spennande. Det er ikkje kvar dag vi flyr inn. Dette er arbeid som vi likar, slår anleggsarbeidar Stian Hestad fast.

Helikopter med på rassikring ved Bergensbanen på Dale

Helikopter var i dag med på rassikringa. Stolpane som fanggjerda skal festast i vart flydd inn til arbeidarane 150 meter over dalbotnen i Dalekvam.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Sikring til 60 millionar kroner

E16 og Bergensbanen mellom Voss og Bergen er godt kjent for rasfaren. I vår kom det to jordskred ein anna stad i Vaksdal kommune. Den andre gongen måtte eit lokaltog med kring 50 passasjerar bråbremsa for å unngå å køyra inn i jordmassane.

No satsar regjeringa på ny trase for både E16 og Bergensbanen. Prisen vil bli på minst 33 milliardar kroner, men når den nye traseen med åtte nye tunnelar står klar er uvisst.

Men satsinga stoggar ikkje rassikringa av dagens jernbane. I år og neste år blir Bergensbanen sikra for 60 millionar kroner.

– Dagens trasé går langs ein til dels rasfarleg og utfordrande trasé. Eg trur vi skal halde på med rassikring i fleire år framover. Vi vil heile tida jobbe for å skape ei tryggare bane, seier prosjektleiar Karl Morten Undal i Jernbaneverket.