Hopp til innhold

Luftambulanse på staden

Luftambulansen har no landa på Stanghelle, der ein mann vart funnen livlaus i sjøen og er tatt opp på ei flytebrygge. – Førebels er mannen ikkje tatt med nokon stad, men det er sett i gong hjarte- og lungeredning på staden. Det er uvisst kva som har skjedd eller kven som fekk mannen opp. Han var kald og det er ikkje oppnådd kontakt med han, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.