Hopp til innhold

Løysing i Hatlestad-saka

Bergen kommune og Vital Skade er no samde om å overta Hatlestad terrasse nr. 99. Samtlege bebuarar på toppen av Hatlestad får no erstatning.

Hatlestad Terrasse husrekke
Foto: Scanpix

Hatlestad terrasse 99 er det tredje huset som ligg på toppen av skrenten der raset gjekk natt til 14. september 2005.

Bergen kommune har i samarbeid med Vesta tidlegare teke over Hatlestad terrasse nr. 97 og 101.

- Vital Skade strekte seg langt for å finna ei løysing til beste for den råka familien, seier byrådsleiar Monica Mæland.

Fekk ikkje erstatning

Det har vore ei rekkje møte mellom bebuarane sine forsikringsselskap og Bergen kommune sidan raset, som krov tre menneskeliv, gjekk sist haust.

Som den einaste av 19 bustadar fekk ikkje ekteparet i Hatlestad terrasse 99 noko form for erstatning.

«Bebuarane har gitt klart uttrykk for at den sterke opplevinga sjølve rasnatta har medført at dei ikkje klarer å flytta attende til bustadane, sjølv om geologiske vurderingar dokumenterer at bustadane vil vera trygge dersom føreslåtte tiltak blir gjennomførte.», skriv Bergen kommune i ei pressemelding. 

Overdregen til kommunen

- Me har heile tida arbeida for å få til ei god løysing for vår kunde. Når det ikkje har lukkast oss å få til ei ordning med Gjensidige, som har forsikringsansvaret i dette tilfellet, har me funne det rett å bidra til at den råka familien ikkje blir påført ytterlegare skader, seier administrerende direktør Trine Lise Gilbert i Vital Skade i ei pressemelding.

Vital innløyser no bustaden, og deretter blir han overdregen til Bergen kommune.