Hopp til innhold

Dei blå lovar ikkje heving av kvikksølvet

Både Frp og Høgre har lenge vore klare på at dei vil heva kvikksølvet frå ubåtvraket utanfor Fedje. Men i regjeringsplattforma si unngår dei å forplikta seg. – Dette er lureri, meiner opposisjonen.

Hev U864

VIL HEVE KVIKKSØLVET: Lokalbefolkninga på Fedje har protestert kraftig mot at ubåtvraket har blitt liggjande på havbotnen. Dette biletet er frå ein demonstrasjon i 2011.

Foto: Tore Sevheim / NRK

Dette synest eg er heilt urimeleg, for dei har jo sete med makta i åtte år, utan å ha gjort nokon ting.

Gjermund Hagesæther, Frp
U-864

HEVAST ELLER IKKJE? Ubåtvraket U864 har skapt hovudbry for dagens regjering i åtte år. No er det den blå regjeringa under Erna Solberg som skal overta ansvaret, men mykje tyder alt på at heller ikkje dei sit med svaret på korleis vraket bør handterast.

Foto: Kystverket

Ved fleire høve har politikarar frå både Høgre og Frp sagt at dei vil heva kvikksølvlasta frå det tyske ubåtvraket U 864, som sidan andre verdskrigen har lege på havbotnen ved Fedje, fullasta av kvikksølv.

Men då dei måndag presenterte regjeringsplattforma si, mangla lovnaden.

– Har lurt veljarane

Per Rune Henriksen

LURER VELJARANE: Per Rune Henriksen meiner både Høgre og Frp har forplikta seg til å stå for heving av ubåtvraket utanfor Fedje gjennom tidlegare lovnader.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Det får opposisjonen til å stussa. Per Rune Henriksen i Arbeiderpartiet meiner den nye "blå-blå" regjeringa har lurt veljarane.

– Den setninga som står der no, det er å halda folk for narr. No når dei står med ansvaret i handa, får pipa ei anna låt.

  • Saknar du klare løfter frå dei blå-blå om kvikksølvet? Bruk kommentarfeltet nedst i saka.

Kjersti Toppe frå Senterpartiet er einig.

– Det er jo veldig oppsiktsvekkjande at det ikkje står i heile tatt at kvikksølvet skal opp, det står berre at det skal handterast på ein forsvarleg måte.

Sjølv har dei begge fått krass kritikk etter å ha sete med regjeringsmakta i åtte år, utan å gjere noko med vraket, som lekkjer kvikksølv ut i havet.

Lova heving i Brennpunkt-dokumentar

Då NRK Brennpunkt i april dokumenterte at så godt som alle dei faglege råda tilsa at kvikksølvet i den tyske ubåten burde dekkast til framfor å hevast, stod Øyvind Halleraker frå Høgre og Arne Sortevik frå Frp likevel last og brast med folket på Fedje, som ville ha opp den farlege lasta frå vraket.

Øyvind Halleraker (H)

VILLE IKKJE DEKKA TIL VRAKET: Då NRK Brennpunkt sendte ein dokumentar om ubåtvraket utanfor Fedje, var Øyvind Halleraker klar i talen: Vraket skulle ikkje bli liggjande på havbotnen.

Foto: Stortinget.no

– Det blir ikkje tildekking, som etterlet denne forureininga for all framtid, sa Halleraker den gongen.

– Der har dagens opposisjon eit felles syn, supplerte Sortevik.

Sjå heile NRK Brennpunkt-dokumentaren om U864 her.

Men i regjeringsplattforma dei i går presenterte, er formuleringane om heving heilt borte.

Det einaste som står att, er at ein skal finna ei miljømessig trygg og forsvarleg løysing.

På NRK Hordaland si samleside om ubåtvraket kan du lese meir om U-864

Frp vedgår at det er "vagare" no

Frp sin Gjermund Hagesæter går ikkje med på kritikken, men vedgår at formuleringane no er annleis enn dei var. Men han synest ikkje dei raudgrøne har noko meir å fara med sjølve.

Gjermund Hagesæter

ANNLEIS FORMULERING: Gjermund Hagesæter (Frp) vedgår at partiet er rundare i formuleringane no enn tidlegare, men synest ikkje det er unaturleg med tanke på at dei no er del av eit regjeringssamarbeid.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

– Dette synest eg er heilt urimeleg, for dei har jo sete med makta i åtte år, utan å ha gjort nokon ting.

At formuleringane er vagare enn partiet har gått inn for tidlegare, er heller ikkje underleg, meiner Hagesæter.

– I eit slikt regjeringsplattform-dokument er det gjerne litt andre formuleringar, litt vagare som du seier, enn ein ville hatt i eit partiprogram, seier han – og får støtte frå regjeringskamerat Halleraker.

– Det vi har sagt i Høgre, er at vi vil eliminera forureiningsfaren.

– Så du går ikkje med på at de er vage på dette punktet?

Ikkje i høve til det vi i høgre har sagt i våre dokument om saka, frå alle offisielle hald, avsluttar Halleraker.

Les heile regjeringsplattforma til Høgre og Framstegspartiet her.

  • Saknar du klare løfter frå dei blå-blå om kvikksølvet? nbsp;Bruk kommentarfeltet under!