NRK Meny
Normal

Lovar elevane plass på naboskulen

I dag blir Fana gymnas lagt ned. Elevane er redde dei blir spreidd for alle vindar.

Skoledemonstrasjon

STERKE PROTESTAR: Elevar frå både Garnes, Fana og Laksevåg protesterte heftig utanfor fylkeskommunen sitt bygg i Bergen sentrum tidlegare i haust.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det er Sp, KrF og Ap som i fylkestinget i dag vil sikre fleirtal for at tradisjonsrike Fana gymnas vert lagt ned frå neste år.

Fylkeskommunen har dei siste månadane jobba for å finna ei løysing på overkapasiteten på dei vidaregåande skulane i Bergen, og det var til slutt Fana gymnas som måtte gi tapt då fylkesutvalet behandla saka førre torsdag.

Engasjementet og protestane har vore store frå både elevar, lærarar, politikarar og arkitektar.

Vil legge ned Fana gymnas

Fleirtalet av fylkespolitikarane vil legga ned Fana gymnas i dag.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Lovar plass på naboskulen

På grunn av skulenedlegginga fryktar elevane ved Fana gymnas at dei skal bli spreidde for alle vindar neste år.

Men Sp, KrF og Ap lovar at alle andreklassingane skal få gå tredjeklasse på Nordahl Grieg i Ytrebygda, der det fins plass.

– Vi skjønar at ungdommane er uroa. Det er viktig for oss at dei får fullføra sin vidaregåande opplæring i rimeleg nærleik av der dei bur, seier Emil Gadolin (Ap).

- Det er difor fullt mogleg at dei kring 100 elevane får ta sitt siste år ved Nordahl Grieg.

– På kva måte meiner du dette vil dempe frustrasjonen frå elevane?

– Dei vil få tilbod om å gå på ein spennande, god og moderne skule. Samstundes forstår eg veldig godt at elevar er usikre på kvar dei skal fullføre og då er ei avklaring god å få, svara Gadolin.

Siste forsøk på redning

I går inviterte Fana-elevane fylkespolitikarane til eit siste forsøk på å overtale dei om å snu i saka.

– Det er frykteleg trist. Eg har ikkje fått sova på veldig lenge på grunn av dette, seier elev Susanne Traasdahl Wiborg.

Ho og dei andre elevane argumenterte i går med at Fana og Ytrebygda er dei bydelane i Bergen som er mest lojale mot nærskulane.

Medan kring femti prosent av elevane i andre bydelar reiser til sentrum for å gå på vidaregåande, er 75 prosent heimekjære i dei sørlege bydelane.

Laster kart, vennligst vent...

Kartet syner kor stor del av elevane som søkjer seg vekk frå eigen bydel og til vidaregåande skular i Bergen sentrum.

– Eit naudsynt vonde

Tom Christer Nilsen (H) meiner det er underleg at det nye fleirtalet i fylkeskommunen no rikkar ved området med dei mest heimekjære elevane.

– Det er paradoksalt når ein seier at ein skal gå for nærskuleprinsippet, og så legg ein ned nærskulen.

Daniel Hexdal frå SV, som støttar skuleforslaget frå fleirtalet, ser paradokset – men meiner nedlegginga likevel må til.

– Eg trur det er eit naudsynt vonde. Det som gjer det vanskeleg er at det ikkje finst noko garanti for at dei elevane som går her no, vil gå på offentleg skule etter ei nedlegging.

Sjå video frå dei ville elevprotestane i Bergen.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo