Glatte fortau, gater og sidevegar har skapt vanskar for bergensarane i det siste. Mange stader har det vore uråd å koma seg fram og legevakten har hatt ein enorm pågang frå folk som har øydelagt armar og bein i møtet med glattisen.
Effektiv spreiing
Nå skal kommunen bruke andre metodar for å gjera vegane tryggare. Utstyret som spreier sanden skal stillast betre inn, slik at sanden spreier seg betre.
Fleire kassar
Kommunen skal også vurdere om dei skal sette ut fleire kasser med sand, slik at folk sjølve kan strø. Kven i kommunen som skal ha ansvaret for at kommunale vegar og fortau faktisk blir strødd, skal også avklarast, seier kommunaldirektør Ove Foldnes.