Hopp til innhold

Lovar å kle av seg om Brann tapar

Bymann og stril gjer seg klare til lokaloppgjeret mellom Brann og Nest-Sotra. – Eg skal score to mål i morgon, og når det skjer så skal eg feire med å ta av meg kleda, seier Nest-Sotra spelar.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Bymann og stril gjer seg klare til lokaloppgjeret mellom Brann og Nest-Sotra.

– Vi e strilar og vi veit at vi er best, syng supportergjengen i kor.

Dei førebur seg til tidenes strilekrig mot bergensarane i morgon når Nest-Sotra og Brann skal spele kamp.

– Tenk at vi no skal få Nest-Sotra til Brann stadion 16. mai. Det er heilt fantastisk. Eg kjem sikkert til å grine ein skvett, seier supportersjef i Nest-Sotra, Anita Vindenes.

– Vi elskar han

Supportergjengen har valt ut ein favoritt før kampen, nemleg Steffen Lie Skålevik. Han er klubben sin toppscorar og har fått oppdraget med å sikre Nest-Sotra sigeren.

Nest-Sotra

FAVORITT: Steffen Lie Skålevik har fått oppdraget med å sikre Nest-Sotra sigeren. Supportersjef i Nest-Sotra, Anita Vindenes til venstre.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Han tar presset med godt humør, men innrømmer at det tynger og.

– Eg søv ikkje så veldig godt. Det har gått to netter no der eg nesten berre har tenkt på kampen, og det er veldig vanskeleg å sove, seier Skålevik.

– Håpar dei tapar

Ein av spelarane er sikker på både scoring og seier. Nest-Sotra spelar Marius Wichne avslørte i dag sin helt spesielle plan for feiringa.

– Eg har bestemt meg for å score to mål i morgon, og når det skjer så skal eg feire med å ta av meg kleda. Så no måtte eg øve meg på feiringa og å gå naken, seier Wichne.

Han trur han scorar to mål og at Skålevik scorar to.

– Då endar kampen 4–0, seier Nest-Sotra spelar Marius Wichne.

Kampen set publikumsrekord

Nest-Sotra spelar Bjarte Haugsdal, har spelt for Brann tidlegare, men blir ikkje glad om Brann vinn i morgon.

– Nei, i morgon blir eg ikkje glad i det heile om dei vinn. Det er den kampen eg håper dei tapar, seier Bjarte Haugsdal.

No står det att å sjå om det blir sigarparade eller baksmell for Nest-Sotra.

– Brann skal få sjå at Nest-Sotra ikkje berre er ein gjeng med strilar, meiner supportersjefen Vindenes.

Kampen mellom Brann og Nest-Sotra set ny publikumsrekord for ein 1. divisjonskamp, for så langt har over 14.000 sikra seg billettar til stadion på laurdag.