NRK Meny
Normal

Lokkar publikum med siger mot Lillestrøm

No vågar Brann-trenaren å snakka om medalje for raudtrøyene. Han ber publikum om hjelp, og garanterer siger viss det blir fulle tribunar mot Lillestrøm i morgon.

Lars Arne Nilsen

ROSENBORG-KAMPEN: Lars Arne Nilsen ønskjer seg like god stemning på Brann Stadion som under Rosenborg-kampen i slutten av august.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Kampen om sølvmedaljen i Eliteserien spissar seg til når det no går mot slutten av årets sesong.

Sundag kveld kjem nedrykkstrua Lillestrøm til Brann Stadion, og tre viktige poeng står på spel for begge lag.

– Dei kjem nok til å kjempa for livet, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

Les også: Rosenborg sikra seriegullet igjen

Utfordrar publikum

Brann-trenaren takkar det han kallar «norges beste publikum» for innsatsen så langt i sesongen, og kjem med følgjande utfordring til alle som vurderer å sjå kampen frå tribunen:

– Viss vi får like god støtte som mot Stabekk 16. mai og Rosenborg nyleg, så kjem vi til å vinna, seier Nilsen.

– Garanterer du seier då?

– Ja, får vi full stadion og Rosenborg-stemning, så skal vi ta dei, seier Brann-trenaren sjølvsikkert.

Han seier no heilt klart at Brann kjempar om sølv eller bronse.

– Vi er i posisjon til å ta medalje, og då må vi prøva å få det til, slår han fast.

«Luring» kan bli midtspiss

Sist serierunde kjempa Brann seg til uavgjort borte mot Sogndal.

Trenaren er framleis i tenkjeboksen når han skal finna den beste midtspissen til kampen mot Lillestrøm.

Både Torgeir Børven og Azar Karadas kan få den jobben, og eit par andre av spelarane er også aktuelle.

– Børven er ein målsnik og ein luring, så han er absolutt aktuell. Vi får sjå kven vi landar ned på, seier Lars Arne Nilsen.

Les også: Karadas: – Jeg er veldig lei meg | Norling: – Brann var vakker som satan | Erik Huseklepp er ferdig i Brann

Laster innhold, vennligst vent..