NRK Meny
Normal

Lokalsjukehusa fryktar ny helseplan

– Lokalsjukehusa har ikkje meir å mista, seier tillitsvalde i Norsk sjukepleiarforbund. Dei er redde for kva som kjem fram i helseministeren sin nye nasjonale helse- og sjukehusplan.

Odda sjukehus

UROA: Leiar i Odda Venstre, Anne Marit Buer (f.v.) og Valborg Sekse, tillitsvalt i Norsk sjukepleiarforbund er klar på at norske lokalsjukehus ikkje har meir å mista. Dei er redd kva den nye helse- og sjukehusplanen vil bety for framtida til norske lokalsjukehus.

Foto: TALE HAUSO / NRK

– Sjukehuset med akuttberedskap er veldig viktig. Spesielt grunna geografien vår. For når det er dårleg vær så kjem ein seg kanskje ikkje her ifrå. Med masseturisme og store fabrikkar så er det utruleg viktig med beredskap, seier Valborg Sekse.

Ho er operasjonssjukepleiar ved Odda sjukehus og tillitsvald for Norsk Sjukepleiarforbund.

Gjennom åra har dette sjukehuset, som dei fleste andre lokalsjukehus i Norge, allereie merka store omstillingar.

– Det kjennast som om det er fjerna fleire oppgåver frå oss utan at me får tilført anna arbeid.

Kan miste kirurgisk akuttberedskap

I desse dagar følgjer lokalsjukehusa i Noreg nøye med på kva helseminister Bent Høie vil presentera i sin nasjonale helse- og sjukehusplan i slutten av oktober.

Karin Bell Trældal

USIKRE: - Folk er usikre og slitne av desse spørsmåla, seier Karin Bell Trældal, hovudtillitsvald for sjukepleiarforbundet på Stors sjukehus.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Allereie i januar, då helseministeren heldt sin årlege tale om korleis norske sjukehus skal styrast, lufta han tanken om at berre dei største sjukehusa skal ha døgnkontinuerleg kirurgisk akuttberedskap.

Høie anslo at sjukehusa bør ha eit pasientgrunnlag på minst 60.000 innbyggjarar for å halda oppe tilbodet. Det betyr i så fall at minst halvparten av dagens norske sjukehus er for små.

– Me er veldig spent på kva planen vil innebera for oss. Eg trur at viss akuttberedskapen blir tatt vekk frå sjukehusa, så forsvinn det mykje anna også, seier Sekse.

– Vi gi ein klar struktur

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen, kan ikkje røpe noko endå, men meiner planen vil gje ein klar struktur på sjukehusa i framtida.

– Viss me skal ha ein god struktur i Noreg så må vi ha sjukehus i heile landet, og då må dei ha fornuftige oppgåver å driva med. Om det er noko spesielt som folk må behandlast for kan det henda at pasientane er nøydde til å reisa.

– Men det er ikkje dermed sagt alt skal leggast til dei største sjukehusa. Det er moglegheit for god arbeidsdeling, seier Erlandsen.

Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartemente

GOD ARBEIDSDELING: Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Anne Grethe Erlandsen kan ikkje sei noko konkret om den nye helse- og sjukehusplanen. Men ho seier at det ikkje nødvendigvis er slik at det meste skal leggast til dei største sjukehusa.

Foto: Regjeringen

– Folk er usikre og slitne

På Stord sjukehus merkar ein og på uvissa kring den nye sjukehusplanen.

– Folk er usikre og blir slitne av desse spørsmåla her, for det er kampar som må takast om og om igjen. Me skal ha eit fullverdig tilbod for helsa vår og sikkerheita til dei som bur i distriktet, seier Karin Bell Trældal, operasjonssjukepleiar og hovudtillitsvald for sjukepleiarforbundet på sjukehuset.

Anne Marit Buer er styremedlem i kommunane sin interesseorganisasjon for lokalsjukehus og leiar i Odda Venstre.

– Me er her for folket, og skal folk bu spreidd rundt i landet må det vera eit tilbod i form av spesialisthelseteneste – ikkje minst av omsyn til beredskap, seier Buer.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen