Lokalsamfunn har samla inn 70.000 kroner til familie som mista alt i brann

SVEIO (NRK): Lokalsamfunnet i Sveio stilte opp då familien på åtte mista heimen sin i brann. – Dei veit ikkje korleis dei skal få takka nok, seier ein av hjelparane.

Huset er totalskadd etter brann i Førde i Sveio.

TOTALSKADD: Huset er totalskadd etter brannen tysdag ettermiddag, ein familie frå Syria har mista heimen sin.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Eit bustadhus i Sveio blei totalskadd i ein brann tysdag ettermiddag.

Ingen personar blei skada i brannen, men ein syrisk familie på åtte mista både heimen og alle eigendelane sine.

– Dei har mista alt, seier Einar Halleland, som er frivillig på frivilligsentralen i Sveio, og kjenner familien.

Og han er ikkje aleine med å stille opp. På berre ein time hadde frivilligsentralen i Sveio fått klede og sengetøy til familien.

Tysdag kveld blei ein innsamlingsaksjon starta, og onsdag kveld hadde dei fått inn 70.000 kroner.

– Forferdeleg

– Ungane sakna bamsane sine. Ei frå frivilligsentralen køyrde til dei med mange bamsar som ho hadde heime.

Mannen kom til Noreg for fire år sidan, ifølgje Halleland. Familien hans skal ha kome til Noreg på familiegjenforeining for halvanna år sidan.

– Ein kan jo tenka seg kva dei har opplevd før. At dei skal oppleva dette no er heilt forferdeleg, seier Halland.

Einar Halleland

FRIVILLIG: Einar Halleland ved Frivilligsentralen i Sveio fortel at familien er veldig takksame for hjelpa dei har fått.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rosar engasjementet

Nav i kommunen har kontakt med familien og tilbydd dei ein ny plass å bu.

Kommunen hjelper dei også med det mest naudsynte dei treng i kvardagen.

– Det er tragisk når slike ting skjer, seier ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Innsamlingsaksjonen er omtalt av både Radio Haugaland og Haugesunds Avis.

Ordførar Erve rosar engasjementet til lokalbefolkninga.

– Det er jo svært raust av dei som har bidratt. Det er fantastisk å sjå korleis lokalsamfunnet vernar om sine, seier Erve.

Halleland på frivilligsentralen seier at sett stor pris på all hjelp dei har fått.

– Dette betyr enormt. Dei føler at dei er velkomen og er så takknemleg. Dei veit ikkje korleis dei skal få takka nok, seier han.

Bustadbrann i Sveio

MISTA HEIMEN: Ein familie på åtte mista heimen i ein bustadbrann i Førde i Sveio tysdag ettermiddag.

Foto: Daniel DeNiazi

Ukjend brannårsak

Då brannvesenet kom til staden var huset overtent. Mot sterk vind i området jobba dei på spreng for å hindra spreiing til bustadhus i nærleiken.

– Me veit lite om brannårsaka førebels. Det var eit travelt sløkkearbeid for mannskapet, seier politioverbetjent Atle Thorbjørnsen i Sør-Vest politidistrikt.

Brannen skal ha starta inne i huset. Politiet skal onsdag avhøyra vitne, før det blir gjort tekniske undersøkingar på staden.

– Me håpar å få svar på brannårsaka i løpet av ein dag eller to, seier Thorbjørnsen.

Huset er totalskadd etter brann i Førde i Sveio.

UKJEND ÅRSAK: Politiet veit enno ikkje kva som forårsaka brannen i Sveio tysdag.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Brannfarleg månad

Desember er ein svært brannfarleg månad.

Tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) syner at det dei to siste åra har vore flest bustadbrannar i årets siste månad.

– Det er særleg matlaging på komfyr og bruk av levande ljos som aukar brannfaren, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Brannvernforeininga.