Hopp til innhold

– Ikkje krise om Brann rykker ned

Fotballøkonom Arild Hervik trur Brann vil kjempe seg rett tilbake i eliteserien om dei skulle rykke ned. – Naivt, seier Davy Wathne.

Brann supporter
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Arild Hervik

KLARER SEG: Arild Hervik meiner Brann framleis kan redde plassen sin i Tippeligaen.

Foto: Frode Berg / NRK

– Brann vil takle eit nedrykk langt betre enn dei fleste andre lag, seier fotballøkonom og professor ved Høgskulen i Molde, Arild Hervik, som meiner eit nedrykk vil vere lang ifrå ei krise.

Hovudforklaringa til Hervik sin optimisme er enkel: – Brann har så mange pengesterke sponsorar og andre aktørar i ryggen at dei bør klare seg.

Har pengar til å klare seg

– Sponsorinntekter er svært viktig, og eg trur ikkje sponsorane vil svikte Brann i tilfelle nedrykk. Då risikerer dei å bli totalt uthengt i Bergens-pressa, noko eg trur dei vil unngå, seier Hervik.

God økonomi er ein fordel i fotball. Brann sine inntekter vil minke som følgje av ei nedrykk. Mellom anna kan tilskota frå media gå ned med fleire millionar.

I 2013 fekk Brann rundt 8,7 millionar kroner frå medieavtalen. Pengane blir mellom anna fordelt etter kva plassering ein sikrar seg på tabellen. Dei laga som gjer det dårlegast kan forvente rundt seks millionar kroner. I 1. divisjon er avtalen langt ifrå like lukrativ.

– Ein kan også forvente at publikumsinntekter vil gå noko ned. Dette er meir alvorleg enn midlane frå medieavtalen, men ikkje like viktig som stabile sponsorinntekter, fortel Hervik.

– Maksimum eit år i 1. divisjon

Hervik meiner det framleis er svært usannsynleg at Brann rykker ned, men om dei skulle rykke ned er han sikker på at det vil vere eit kortvarig besøk i 1. divisjon.

– Det er berre totalt inkompetent styring av klubben og dårlege spelarkjøp som kan hindre Brann i rykke opp igjen, seier Hervik.

Ein av grunnane er at Brann er ein del av høgbudsjettsklubbane, og vil omtrent uansett kva som skjer ha eit budsjett som er langt større enn andre 1. divisjonsklubbar.

– I tillegg har Bergen ein fotballkultur og ein posisjon i eliteserien. Det vil framleis vere attraktivt å spele i Brann. Det er litt status å vere med å spele laget opp på toppnivå igjen også, meiner Hervik.

Davy Wathne: – Dei rykker ned

Davy Wathne

NEDRYKK: Davy Wathne trur Brann rykker ned, og at dei ikkje kan forvente opprykk med det første.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Fotballekspert Davy Wathne har eit heilt anna syn på saka, og trur slett ikkje 1. divisjon vil noko dans på roser for Brann.

– Å tru at Brann berre skal ned i 1. divisjon på ein kjapp visitt er grenselaust naivt.

Bergensaren er langt ifrå sikker på om Hervik sine spådommar om kjapt opprykk vil slå til.

– Kan ikkje berre forsyne seg med poeng

– Det blir kjempejubel både i Finnmarkshallen og Ulsteinvik når Brann kjem på besøk. Brann er ein gigant i norsk fotball og eit attraktivt lag å slå. 1. divisjonslaga vil løfte seg å ha årets høgdepunkt når Brann kjem. Ein må ikkje innbille seg at dei berre skal reise rundt å forsyne seg med poeng, meiner Wathne.

Wathne trur heller ikkje Brann vil klare kjempe seg ut av hengemyra på botnen av tabellen.

– Nei, dei styrer ganske openbart mot eit sikkert nedrykk. Dei har gitt frå seg 18 av 21 mogeleg poeng på heimebane. Verda er snudd på hovudet, seier Wathne.