Hopp til innhold

LO støtta lærarane med fanemarkering

LO i Bergen og Omland stiller seg bak dei streikande lærarane, og synte i dag si støtte på ei fanemarkering i Bergen.

Støttemarkering for lærerne i Bergen

VISTE STØTTE: Mellom 60–70 personar var til stades på LO, Ap og Skolenes landsforbund si støttemarkering på Torgallmenningen i Bergen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Etter fleire dagar med sonderingar mellom KS og lærarorganisasjonane, blei det søndag kveld klart at streiken held fram.

Verken lærarane eller KS ser ut til å ville fire på krava, og no kan det gå mot ei ytterlegare opptrapping av streiken.

LO i Bergen og Omland stiller seg bak dei streikande lærarane, og syner støtta i dag med ei fanemarkering i Bergen sentrum. Markeringa byrja i dag klokka 12.00 ved den Blå steinen på Torgallmenningen.

I overkant av 60 personar var møtt fram til markeringa.

Leiar av Arbeidarpartiet i Bergen Marte Mjøs Persen, Rune Nielsen i Skolenes landsforbund og Jorge Alex Dahl i LO heldt appellar under arrangementet.

DKHO01