Hopp til innhold

Livslina

UTBJOA-FJELBERG-BORGUNDØY-SYDNES (NRK): Ferja til Fjelbergøyene er meir enn eit vanleg samband. Det er ei serviceverksemd som held liv i eit lokalsamfunn.

Traktor på Fjelbergøy

For innbyggjarane på Fjelbergøy og Borgundøy er ferja svært viktig for å halda liv i lokalsamfunnet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

MF Fusa ligg til kai på Nordre Fjelbergøy. Den ventar på bossbilen. Matros Håvard Hjelmeland hjelper med spanna. Så set dei kursen over sundet til Borgundøy. Her triller han vogna med ferske brød opp til butikken.

– Vi forstår at det er ferja som er livslina for øyene. All transport og alle varer er det vi som står for, seier kaptein Kjell Ove Gjøsæter.

I sommar kan du vere med på alle 19 ferjeturane i Hordaland. I dag er vi komme til ferjene som går mellom Fjelbergøyene.

Melkebil på Fjelbergøy

Melkebilen køyrer i land på Fjelbergøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mjølkerute

På Borgundøy har ein traktor rygga om bord ei mjølkevogn. MF Fusa set kursen over sundet tilbake til Fjelbergøy der ein annan bonde står klar til å hente den.

– Dei treng å transportere mjølk, kyr og høyballer over sundet, forklarer kaptein Gjøsæter.

– Eg trur folk forstår at vi vert nokre minutt etter ruta. Dette er kanskje ikkje den mest effektive måten å drive transport på. Men dette er eit anna type samfunn.

Kaptein Kjell Ove Gjøsæter

Kaptei Kjell Ove Gjøsæter må ha ei stø hand i dei smale sunda.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dette meiner NRK om Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

Overfart og kaiar: 6

Turen mellom Utbjoa og Sydnes er ganske gjennomsnittleg. Avstikkaren til øyene er fantastisk. Her er det trongt, vi går nær land og det er mykje å sjå. Høg sjarmfaktor på kaiane.

Fartøy: 4

MF Sveio var bygd i 1975. Her finst ingen øvre salong, men det er sett opp skjermar så folk kan følge med under dekk. MF Fusa var siste fjordferje som vart teke ut av trafikk. Den gjekk på dette sambande til 2011. Tenkt på karakteren om den hadde gått framleis.

MF Sveio på veg til Borgundøy

MF Sveio tøffar seg mellom dei smale sunda i Sunnhordland.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 8

Det er eit under at det er kafeteria om bord. Det kan mange langt meir trafikkerte samband vere misunnelege på. Og kaffien er god. Dei som bur på øyene har og tilgang til trådlaust nett. Dei som jobbar på ferjene er og særs serviceinnstilte til fastbuande og hyttefolk sine transportbehov.

Landhandelen på Fjelberg

Landhandelen på Fjelberg. Matrosen hjelp til med å trille vogna med ferske brød opp til butikken.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 8

Om du tek deg tid til å reise om øyene forstår du at dette er meir enn eit vanleg ferjesamband. Du får ei kjensle av at det var slik Gud meinte det då han skapte dei vestlandske bilferjene midt i førre hundreår ein gong. Her ventar dei på bossbilen, dei tek ekstraturar for å få fram ei mjølkevogn, folk ringer rett til kapteinen for å be han hente dei. Bilar og traktorar må rygge om bord og står litt på kryss og tvers. Og pluss for å ha bilete av alle dei tidlegare ferjene på sambandet i salongen. Med den gamle ferja ville dette blitt toppkarakter.

Totalt 26 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks
fjelbergøy