NRK Meny
Normal

Livet øydelagd av kvikksølvdamp

Kvar fjerde kvinne som var tannlegeassistent i Bergen før 1990 har store nevrologiske problem. Ei undersøking viser at kvikksølvdamp truleg er årsaka.

Mange tannlegeassistentar som jobba før 1990 kjem no til å kreve yrkesskadeerstatning.

Ei undersøking ved Universitetet i Bergen viser at tannlegeassistentane før 1990 vart utsette for ekstremt kraftig kvikksølvdamp når dei laga amalgam.

Ikkje trudd

Tordis Synnøve Stigen Klausen. Foto: NRK

Svært mange slit i dag med blant anna skjelving, depresjonar og dårleg hukommelse.

Tordis Klausen er uføretrygda tannlegeassistent.

Ho er ufør på grunn av dagleg kvikksølvdamp har ho meint sjølv.

Fram til i dag har ho ikkje blitt trudd.

Blanda amalgam for hånd

Tannlegeassistentane laga fram til 90-talet amalgam på gamlemåten med å blanda inn om lag halvparten kvikksølv.

Tordis Klausen har kravd yrkesskadeerstatning, men har tapt i alle rettsinstansane.

I lagmannsretten vitna Statens Arbeidsmiljøinstitutt imot henne.

Ny forsking avslører

Professor i odontologi ved Universitetet i Bergen, Nils Roar Gjerdet, har gjort testar med kvikksølvdamp.

Gjerdet har funne at Tordis Klausen og mange hundre andre tannlegeassistentar har vore utsette for giftig kvikksølvdamp i dosar som er tjue gonger høgare enn lovleg dose.

Gerd Irene Lyse (foto: NRK)

Innrømmer skadar av amalgam

Desse oppsiktsvekkande testresultata får Statens Arbeidsmiljøinstitutt til å innsjå at tannlegeassistentane er blitt skada i arbeidet sitt, seier overlege Dag Ellingsen.

Gerd Irene Lyse er ei av dei mange som er uføretrygda og skuldar på kvikksølvdamp - og ei av dei mange som nå ser sjansen for yrkesskadeerstatning.

Det blir meir om dette i Brennpunkt på NRK 1 kl. 20.25 tysdag kveld

Se også

Siste video

Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.
Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.