Hopp til innhold

– Folk flest har lite å spare på «smart straummålar»

Alle husstandar i Noreg må innan fire år betale tusenvis av kroner for ein automatisk straummålar. Men her er det få kroner å tene, vedgår programsjef for satsinga.

automatisk strømmåler

«SMART STRAUMMÅLAR»: Denne målaren må alle skaffe seg innan fire år. Med denne skal kan ein til ei kvar tid ha oversikt over forbruk og pris, og i tillegg styre straumforbruket automatisk.

Foto: Gard Brox Jenssen

Me er nøydd til å gjere noko for å bruke energien vår på ein meir berekraftig måte.

Hans-Terje Ylvisåker

Alle må ha ein såkalla «smart straummålar» i huset sitt innan fire år. Med ein slik målar kan du til ei kvar tid sjekke forbruket ditt og kva straumen kostar der og då.

– Det er ein moglegheit for deg som kunde til å styre energibruket ditt på ein meir intelligent måte, seier Hans Terje Ylvisåker, programsjef for smartstrømsatsinga til 35 norske nettselskap.

Målaren (AMS) kostar 3–4000 kroner, og alle må installere denne innan fire år. Men folk har lite å spare på slike «smarte straummålarar», vedgår Ylvisåker.

– Slik prisane er i dag, er nok det veldig lite.

Få kroner å tene på «smartmålar»

Jan Erik Brattbakk

– LITE Å SPARE: Det er ikkje mange kronene å spare for folk med dei nye straummålarane. Men det er likevel viktig at me byrjar bruke dei, meiner Hans Terje Ylvisåker, programsjef for smartstrømsatsinga til 35 norske nettselskap.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Norges Vassdrags- og Energidirektorat vedtok i juli i år at alle norske straumkundar skal ta AMS i bruk innan 1. januar 2017. Nettselskapa håpar folk vil spreie straumbruken sin til tider på døgnet då både forbruket og prisen er lågare.

– På enkelte tider av døgnet blir nettet fullt. Det vil vere ein stor fordel dersom me kan få nokon til å flytte forbruket sitt til ei tid på døgnet der nettet ikkje er så hardt belasta, seier Ylvisåker.

Ei utrekning frå BKK viser at viss du startar vaskemaskina ein gong kvar natt i staden for ein gong kvar dag, sparer du kanskje 70 kroner i året.

Men når straumen er så billig i Noreg, er det få kroner å tene på å følgje med på kva tid straumprisen er lågast, seier Ylvisåker.

– Summen av alt dette kan det bli kroner ut av. Men me er litt uroa for at den jamne forbrukar kanskje ikkje kjem til å kaste seg rundt for å styre straumforbruket på ein meir fornuftig måte.

LES OGSÅ: Midt-Norge får smarte strømmålere først

Forbrukarrådet: – Alt i alt eit gode

Thomas Bartholdsen

POSITIV: Fagdirektør i Forbrukerrådet, Thomas Bartholdsen, meiner smarte straummålarar vil vere ei gode for forbukarane.

Foto: Kjell Håkon K. Larsen

Forbrukarrådet har vore ein pådrivar for slike målarar, seier fagdirektør i Forbrukarrådet Thomas Bartholdsen.

– Me meiner forbrukaren skal ha rett til å kjenne sitt eige straumforbruk. Straumprisane i Noreg ligg for tida lågt, men har i andre periodar vore meir varierande.

Han syner til at smarte straummålarar alt er i bruk i andre land, og trur dette kan gjere at forbrukarar får betre kontroll over eige straumforbruk.

– Det er viktig at forbrukarane får kjennskap til korleis dei skal kunne reduserestraumrekninga. Eit jamnare straumforbruk gjennom døgnet kan redusere kostnader.

– Alt i alt er smarte straummålarar eit gode, seier Bartholdsen.

– Ikkje merka noko til eit fornuftigare straumforbruk

Ringerikskraft er det første selskapet som allereie i januar i fjor hadde montert smart straummålar hos alle sine abonnentar. Men nettsjef Jan Erik Brattbakk seier folk ikkje har endra straumbruken sin.

– Så langt har me ikkje merka noko til det.

Det er kvar enkelt forbrukar som må betala for den nye målaren gjennom ein auke i nettleiga. Hans Terje Ylvisåker meiner denne kostnaden er ein del av å bygge eit straumnett for framtida.

– Kvifor skal me vere med på dette viss det ikkje er så mykje å hente?

– Det er kjempeviktig. Me er nøydd til å gjere noko for å bruke energien vår på ein meir berekraftig måte, meiner Ylvisåker.

LES OGSÅ: Har du ein «dum straummålar»?