Hopp til innhold

Listekandidatane flyktar frå Frp

Sidan kommunevalet i 2011 har Framstegspartiet mista kvar fjerde kandidat på landsbasis. – Ei utfordring vi må ta på alvor, kommenterer Os-ordførar Terje Søviknes.

Ordfører i Os Terje Søviknes på landsmøte

FÆRRE PÅ LISTE: - Fram mot dette kommunevalet er det nok færre som har hatt ønskje om å stå på liste for oss, konstaterer leiar Terje Søviknes i Frps kommunalpolitiske utval. Her frå landsmøtet i mai.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Vallogo

To år etter at Frp hamna i regjering opplever partiet at fleire kandidatar forsvinn frå listene til kommunevalet. Tal frå SSB syner at Frp har ein nedgang i listekandidatar 24 prosent på landsbasis.

Os-ordførar Terje Søviknes er leiar av Frps kommunalpolitiske utval.

– Det er nok eit resultat av at vi stiller liste i litt færre kommunar enn i 2011. Så er det alltid slik at nokon gir seg med lokalpolitikk, medan nye kjem til i løpet av fireårsperioden. Men fram mot dette kommunevalet er det nok færre som har hatt ønskje om å stå på liste, konstaterer Søviknes.

– Utfordring

I Hordaland syner statistikken ein nedgang i listekandidatar på 15 prosent. Janne Halvorsen melde seg ut av Frp i 2013, og ser at det få igjen på lista frå hennar tid som politikar.

– Det har skjedd ei forgubbing i fylket og eg ser at mange av dei som stod på liste saman med meg i førre kommuneval er ute. Det er få igjen, seier Janne Halvorsen.

Tala syner også at dei andre større partia har ein mindre nedgang på landsbasis i talet på listekandidatar enn det Frp har opplevd. I Hordaland går både Ap, Høgre, KrF, Sp, Sv og MDG fram (sjå statistikk nederst i saka).

– Det er ein utfordring vi må ta på alvor. Både i Frp, men også i dei andre partia generelt, kommenterer Søviknes.

Meiner det er regjeringsslitasje

Halvorsen meiner hennar tidlegare parti er prega av regjeringsslitasje og at dei ikkje har vore tydeleg nok med veljarane sine.

– Vi må forklara folket kvifor vi gjer ting og ikkje berre seier at «sånn må det bli».

- Det er klart at å komme i posisjon kan innebere at ein må forhandle og gå på akkord med sine egne og ikkje minst partiets primærstandpunkt. Det kan vera krevjande i ein del situasjonar, men det blir drøfta gjennom og det blir orientert om, avsluttar Søviknes.

Listekandidatar (landsbasis)

Parti

Kandidatar i 2011

Kandidatar i 2015

Skilnad

I prosent

Frp

6314

4825

-1489

-24%

Ap

10140

10473

333

3%

H

9000

8581

-419

-5%

KrF

5130

4821

-309

-6%

Sp

8430

8262

-168

-2%

Sv

5516

5001

-515

-9%

V

6635

6386

-249

-4%

MDG

756

2826

2070

274%

Listekandidatar (Hordaland)

Parti

Kandidatar i 2011

Kandidatar i 2015

Skilnad

I prosent

Frp

612

521

-91

-15%

Ap

709

845

136

19%

H

719

790

71

10%

KrF

481

501

20

4%

Sp

535

660

125

23%

Sv

301

364

63

21%

V

551

557

6

1%

MDG

116

371

255

220%