Linn (17) hadde angst for å få angst: – Eg klarte ikkje vere med andre menneske

ÅRSTAD (NRK): Mange unge slit med angst og panikkangst. Linn (17) fekk hjelp til å handtere problema. – Vi ser ei klar auke blant elevar som slit med dette, seier helsesjukepleiar.

Linn

FEKK HJELP: Linn (17) fekk hjelp til å takle angsten, og meiner det er viktig at andre ungdommar får den same hjelpa.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Det blei et problem å vere saman med andre menneske. Eg fekk angst for å få angst, fortel 17 år gamle Linn til NRK. Ho går i 3. klasse på Årstad vidaregåande skole i Bergen. Som mange andre unge har ho i fleire år kjent angsten på kroppen.

– Nokre dagar kjenner eg ei utruleg meistring, mens andre dagar går det ikkje like bra. Det er viktig å tenke at det er heilt OK, seier Linn.

Verdsdagen for psykisk helse

Denne veka blir verdsdagen for psykisk helse markert med over 2000 arrangement over heile landet.

Tema for årets kampanje er «gi tid», og oppmodinga er å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa.

Berit Sten Berg

HELSESJUKEPLEIAR: I jobben som helsesjukepleiar møter Berit Sten Berg mange ungdomar som slit med angst og panikkangst.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Elevane får panikkanfall

På Årstad vidaregåande skole har dei sett ei klar auke i elevar som slit med angst og panikkangst.

– Vi blir tilkalla ganske ofte på grunn av elevar som får panikkangstanfall. Derfor har vi hatt eigen undervisning til lærarane for å lære dei om panikkangst og korleis dei skal handtere det, seier helsesjukepleiar Berit Sten Berg.

Også i Barne- og familiehjelpa i Bergen opplever dei at mange barn og unge kjem til dei fordi dei ønsker hjelp med angstproblem.

– Vi ønsker spesielt at ungdom sjølv kan ta kontakt, utan at det treng å bli formidla gjennom foreldre eller andre vaksne. Det skal vere eit lågterskeltilbod for barn og unge, seier psykologfagleg rådgivar Ellen-Kristine Akselberg i Bergen kommune.

Er det fleire unge som slit med angst no enn tidlegare?

– Det er litt vanskeleg å seie. Det kan verke som om terskelen for å søke hjelp har blitt lågare, kanskje har ein meir språk for det no enn ein hadde før, seier Akselberg.

Undervisning om psykisk helse på Årstad vidaregåande skole

UNDERVISNING OM PSYKISK HELSE: Verdsdagen for psykisk helse markert med over 2000 arrangement over heile landet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Aukar kvart år

Ifølge Ungdata-kartlegginga som byrja i 2010, aukar andelen unge som sjølv rapporterer om psykiske plagar for kvart år.

Dei siste 15 åra har auka vore størst blant jenter, men dei nyaste tala tydar på at det òg er snakk om ei auke blant gutar.

Linn på Årstad vidaregåande skole fekk hjelp til korleis ho skulle takle angsten. Ho meiner det er viktig at andre ungdommar får den same hjelpa.

– Det er heilt greitt å ikkje klare den eine dagen. Men ein må aldri gi opp, og heller tenkje at eg klarar det neste gong, seier ho.