NRK Meny
Normal

Linda Eide byr på jul i Norge Rundt

På sjølve julekvelden byr Linda Eide og Norge Rundt sjåarane til ein rundtur utanom det vanlege på Vossevangen.

Fra Voss med Linda Eide som programleder.

LINDA OG NISSEN: Dei dukkar begge opp i juleutgåva av Norge Rundt frå Voss.

Sidan 1999 har Norge Rundt hatt fast sending på julaftan. Dei fyrste åra var Odd Børretzen julaftan-programleiar.

Elles har Herborg Kråkevik, Halvdan Sivertsen, Gustav Lorentzen, Ragnhild Sæltun Fjørtoft, May Britt Andersen, Live Nelvik og Ronny Brede Aase samt Finn Tokvam vore innom programmet.

Selskap i drosjebua

I år er det altså Linda Eide som losar oss gjennom julekvelden. Ho vil for fyrste gong stella til jul sjølv, og inviterer venner til den gamle drosjebua på Vossavangen. Den blir pynta fint til jul!

– Eg har fått invitera briljante musikarar til å syngja og spela jola inn, i det nærmaste du kjem ein vesal stall, midt på mitt barndoms «Vangjen», seier Linda Eide.

Linda vandrar og syklar rundt på Vangen og viser oss små, og gode minner, som eit trappetrinn på gymnaset og den gamle kinoen.

Innimellom blir det julereportasjar og små historier frå langstrakte Noreg. Og på slutten blir det altså julefeiring og song i den gamle, no julepynta, drosjebua.

– Det er ekstra stas å få vere programleiar i ei sending som har så mange fine reportasjar, og som startar med ei perle frå Fredrikstad om naboskap, seier Linda Eide.

LES OG SJÅ OGSÅ: Linda Eides tragiske joladikt!

Julenissen på plass

Også i år er Norge Rundt sin eigen julenisse på plass. Kvart år slit han med ein pakke som ha skal gje til programleiaren av programmet.

Om nissen til slutt finn Linda og får gitt ho pakken? Det får du vita julekvelden.

Sendinga byrjar på NRK1 klokka 21.05! Den kjem og i reprise på same kanal 1. juledag klokka 08.30 og på NRK2 1. juledag klokka 19.05.

Drosjebua på Voss

JULEPYNTA BU: Drosjebua på Voss har ein heilt spesiell rolle i denne juleutgåva av Norge Rundt

Foto: NRK
Dei har laga utstilling i Bygstad av julekrybber og juledekorering.

JULEKRYBBER: Denna saka om damene som verkeleg tek juletradisjonane på alvor.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.