Hopp til innhold

– Verdsmeister innan to år

Tapet mot barndomsidolet Arthur Abraham skremmer ikkje proffboksar Tim-Robin Lihaug frå Sotra. – Innan to år er eg verdsmeister, spår 23-åringen.

Tim-Robin Lihaug og Arthur Abraham

DUELLEN: Tim-Robin Lihaug målte krefter mot barndomsidolet Arthur Abraham seint laurdag kveld. Nordmannen måtte sjå seg slegen på teknisk knockout etter åtte rundar.

Foto: SOEREN STACHE / Afp

Tim-Robin Lihaug frå Fjell på Sotra nådde sitt mellombelse karrierehøgdepunkt i helga. Barndomsidolet Arthur Abraham (36) vart for sterk i ringen i proppfulle Max-Schmeling-Halle i Berlin, og vann på teknisk knockout.

Snakkar om gull

Nordmannen heldt åtte rundar framfor dei 6.000 tilskodarane. Trass tapet haldt Lihaug stand lenger enn ekspertane, og boksaren sjølv, hadde håpa på førehand.

– Eg er veldig skuffa, men eg tek med meg det positive. Det er ikkje så langt opp til dei aller beste.

23-åringen står no med 15 sigrar og to tap i karrieren. Lihaug let ikkje nederlaget i Berlin koma i vegen for ambisjonane.

– Målet er å vera verdsmeister innan to år. Det har eg trua på at eg skal klara, seier Lihaug, som boksar i klassen supermellomvekt.

Tim-Robin Lihaug

BEST I VERDA: Tim-Robin Lihaug skal vera verdsmeister innan to år. – Målet er realistisk, seier 23-åringen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Avviser ikkje Spektrum

No ventar ferieveker heime i Noreg, før proffboksaren spissar forma opp mot neste stemne. Men korkje stad, tid eller motstandar er stadfesta.

– Eg kjem ikkje til å boksa før 1. oktober. Det kan eg seia.

Då går Cecilie Brækhus i ringen i Oslo Spektrum, til det som vert den første profesjonelle boksekampen på norsk jord.

Lihaug opnar for at også han kan koma til å delta. Problemet er at han ikkje har same promotor som Brækhus.

Stemnet i Spektrum markerer at det norske bokseforbodet er oppheva. Den opplevinga kan Lihaug tenka seg å vera med på.

– Ingenting er enno heilt avklara. Det hadde vore fantastisk å boksa på norsk jord, seier Lihaug.

Draumearenaen er på Sotra

Det som hadde vore endå meir fantastisk er om 23-åringen fekk boksa på heimebane på Sotra. Storsalen på Sotra har ein kapasitet på 4.000 tilskodarar.

– Eg har aldri boksa på heimebane før. Sotra Arena hadde vore min draumearena, utan tvil. Men eg hadde ikkje takka nei til Bergen, heller.