Leverte eksplosiv på returstasjon

Brannvesenet har tatt hand om eit eksplosivt gods som blei levert inn på gjenvinningsstasjonen på Knarrevik på Sotra. Det er snakk om det sprengfarlege stoffet pikrinsyre. – Det viste seg å vera mindre alvorleg enn venta. Stoffet er isolert og blir handtert av dei som har levert det inn, seier vaktkommandør Arne Corneliussen ved 110-sentralen.