Er du ein av dei som synest at det er vanskeleg å få logistikken til å gå opp utan å bruka bilen? No skal det bli enklare for bergensarane.
I dag opna Bergen kommune det fyrste av fleire såkalla mobilpunkt i byen. Og målet med satsinga er å få byen til å fungera med færre bilar.
Ved punktet i Møllendal skal du kunna plukka opp og levera elektriske delebilar, 12-bussen stoppar her, du finn sykkelveg og sykkelparkering, og det vert sett opp interaktiv skjerm med transportinformasjon. Og snart kjem det også bysykkelstativ ved punktet.
Vil gje studentar gode haldningar
Det er ikkje tilfeldig at det er Møllendal som er valt som stad for det fyrste mobilpunktet i byen. Her bur det mange studentar, og dei er viktige, seier Berit Rystad i bymiljøetaten i Bergen.
– Studentane eig som oftast ikkje sin eigen bil. Med å få eit mobilpunkt i eit slikt område, vonar me at dei skal leggja seg til gode vanar, som dei vil ta med seg vidare i livet, seier ho.
Skriv skilthistorie
Det var fyrste gongen at eit slikt skilt vart sett opp i Noreg, og 2018 vert 2019 skal det fire slike mobilpunkt vera på plass i Bergen og fleire er under planlegging.
Henta inspirasjon i Tyskland
Bremen har vore ein europeisk føregangsby for å leggja til rette for bildeling.
– Me har henta mykje inspirasjon og røynsler frå dei når me har laga mobilpunkta våre, sa direktør for bymiljøetaten i Bergen, Lisa Reinertsen, under opninga av mobilpunktet.