Hopp til innhold

Letta etter sonens avgang: – Hadde vore heilsvart om han skulle begynt på nytt

Med overvekt på éi stemme gjekk KrF inn i regjering – og Knut Arild Hareide ut av partileiinga. Leiaren i Viken KrFU kallar Hareide ein martyr.

Tordis Hareide heime på Bømlo

LETTA: Tordis Hareide håpte på det utfallet som blei endeleg torsdag kveld. – Me hadde sett heilsvart på det om dei no skulle ha begynt heilt på nytt, seier Tordis Hareide.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg er ikkje skuffa over resultatet. Eg trur det hadde blitt veldig mykje på Knut Arild om han no skulle ha begynt på jobben med ei regjering med Arbeidarpartiet og den gjengen.

Frå barndomsheimen til Knut Arild Hareide på Rubbestadneset i Bømlo følgde foreldra Tordis og Ragnar med i alle kanalar torsdag kveld.

Heilt sidan den mangeårige partileiaren i KrF i september opna for å regjera med venstresida, har framtida som partileiar vore usikker.

Knut Arild Hareide ville staka ut ein historisk kurs for partiet, som sidan oppstarten i 1933 har vore sterkt rotfesta på borgarleg side.

I staden har dei borgarlege danna fleirtalsregjering for første gong på over 30 år.

– For oss som foreldre var det eit ynskje om at det måtte gå som det gjekk. Me hadde sett heilsvart på det om dei no skulle ha begynt heilt på nytt, seier Tordis Hareide.

Knut Arild Hareide

FARVEL: Knut Arild Hareide har vore leiar i KrF sidan 2011. No er det slutt.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Takkar Hareide av som «martyr»

Med 19 mot 17 stemmer vedtok landsstyremøtet på Gardermoen regjeringsplattforma nestleiar Kjell Ingolf Ropstad hadde forhandla fram på vegner av partiet.

Fleire representantar som opphavleg stemte for eit «raudt» samarbeid, vende Hareide ryggen.

Leiar i Viken KrFU og barnebarn av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, Simen Bondevik, takka den avgåtte partileiaren på Twitter torsdag kveld.

«Den verdidebatten og de visjonane du løftet vil aldri bli gløymt. Du vil gå ned i KrF-historien som en martyr. Et symbol på alt partiet vårt kunne vært», skreiv Bondevik kort tid etter at utfallet blei kjend.

Laster Twitter-innhold
KrF holder ekstraordinært landsmøte.

KALLAR HAREIDE EIN MARTYR: Leiar i Viken KrFU, Simen Bondevik, takka den avgåtte partileiaren på Twitter torsdag kveld.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det har vore eit veldig press på han

Tordis er ikkje overraska over at sonen i går gjekk av som partileiar.

– Nei, det blei klart i haust det. No blir han berre stortingsrepresentant, og han har heller ikkje verv i styret.

Litt spesielt når han har vore partileiar i KrF så lenge?

– Ja, men det blir godt for han òg. Det har vore eit veldig press på han i mange år no, eg såg eg den gongen då han var statsråd. Det er ikkje noko å ynskja seg for familiefolk.

No håpar mora at Hareide får tid til fleire turar heim til Bømlo.

– Ja, viss ikkje får me besøkje han.