NRK Meny
Normal

Sakna mann kom til rette

Mannen i 30-åra som var sakna på Hardangervidda er komen til rette.

Laster kart, vennligst vent...

SAKNA: Mannen i 30-åra skulle gå frå Hjølmo til Besso turisthytte.

Like før klokka 16 melder politiet på Twitter at mannen er komen til rette.

Laster Twitter-innhold

Mannen skal vera i bra form, og har ikkje behov for legehjelp, får NRK opplyst av Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS).

Politiet opplyste tidlegare i ettermiddag at mannen skulle gå frå Hjølmo til Besso. Det var folk på Besso Turisthytte som varsla politiet, fordi mannen ikkje kom fram som avtalt.

Overnatta ute

– Han måtte overnatte ute i natt på grunn av dårleg vér og blei difor forseinka i forhold til tidspunktet han eigentleg skulle vore framme, seier Jan Steimler, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

På grunn av dårlege mobilforhold har mannen ikkje fått gitt beskjed om at han blei forseinka. Mannen er no komen fram til Besso Turisthytte.

– Mannnen har ikkje lidd naud i natt, men han ville ikkje fortsette å gå når véret blei dårleg. Han er i god form no og treng ikkje medisinsk behandling, opplyser Steimler.

Søkte med helikopter

Mandag ettermiddag blei mannskap frå Eidfjord Røde Kors varsla, og blei frakta inn til leiteområdet med helikopter.

– Ein tenestemann frå politiet er akkurat no oppe i helikopter og flyr gjennom søkeområdet, sa konstituert lensmann Øyvind Torsnes i Hardanger.

Det var Hardanger Folkeblad som melde om leiteaksjonen først.

Saka blir oppdatert!

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo