NRK Meny
Normal

18-åringar funne i god behald etter leiteaksjon

Raude Kross fann dei ved godt mot i ei snøhule.

Leiteaksjon Finse

Dei to 18-åringane skulle gå frå Finse til Hallingskeid, men måtte gi opp. Det er rundt 21 km mellom togstasjonen på Finse og turisthytta på Hallingskeid.

Foto: NRK Kart

18-åringane som var sakna mellom Finse og Hallingskeid er no funne i god behald.

– Hjelpemannskapa frå Finse fann dei i ei snøhule rundt 1,5 kilometer frå Hallingskeid. Dei var varme og ved godt mot, fortel operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord.

Dei to skulle gå frå Finse til Hallingskeid i går kveld, men møtte på dårleg vêr og måtte grave seg ned.

Ingen kontakt sidan i går kveld

– Ein av dei ringte til foreldrene sine rundt klokka 22.00 i går kveld, og fortalde at dei hadde blitt nøydde til å grave seg ned. Det var ingen som hadde kontakt med dei etter det, fortel operasjonsleiar i politiet, Morten Rebnord.

Klokka 05.30 blei det avgjort å setje i gong leiteaksjonen.

Skal fullføre turen

Ein patrulje frå Finse Raude Kross sette tidleg i gong og fann dei. Det var også politipatrulje og fem mannskap frå Raude Kross på Voss på veg til Hallingskeid med toget.

– Desse to 18-åringane er fjellvande og var godt kledde. Dei hadde også med seg ein spade. Dei skal no fullføre resten av turen mot Hallingskeid, fortel Rebnord.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.