NRK Meny
Normal

Leitemannskap fann sakna 15-åring

Leitemannskap frå Røde Kors har funne den 15 år gamle guten som var sakna i fjellet ved Norheimsund.

Laster kart, vennligst vent...

– Guten blei funnen i ei hytte og er i god form, opplyser politiet klokka 11.

Han var på veg til ei hytte ved Krokavatn saman med tre andre ungdommar. Dei fekk problem med å finna fram til hytta, og 15-åringen kom vekk frå dei andre i turfølgjet.

– Dei andre leita ei stund, men gjekk så tilbake til bygda, sa operasjonsleiar Jan Steimler ved Hordaland politidistrikt til NRK.no tidlegere i dag.

Guten blei meldt sakna klokka halv sju i dag tidleg.

Politiet, Røde Kors og Norske Redningshundar deltok i leitinga. Tilsaman var 18 personar involvert.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen