Politiet arbeider framleis med Dung Tran Larsen saka snart 3 år etter ho forsvann frå heimen sin i Bergen.
LES: Dung-saken
Søkte med hundar
– Me leitar framleis, me var seinast i førre veka ute med søkshundar og leite etter å ha fått tips, fortel politistasjonssjef Tore Salvesen til NRK.
Han er etterforskingsleiar i saka.
– Det er framleis personar som kontaktar oss og vil meddela sine tankar og tips.
– Vil alltid vera på sakskartet vårt
Det var den 14. juli 2007 at Thi Phuong Dung Tran Larsen forsvann frå bustaden ho delte med familien i Kjøkkelvik i Bergen.
20. juli meldte ektemannen ho sakna til politiet.
Ektemannen, svigerforeldra og svogeren vart seinare sikta for å ha drept Dung, men siktinga vart seinare fråfelt.
Både politi og friviljuge leita etter den 22 år gamle tobarnsmora. Frå den 23.august vart det kopla inn likhundar i søket etter Dung Tran Larsen.
I mars i fjor vart saka offisielt avslutta frå politiet si sida. Hausten 2009 henla Riksadvokaten saka etter bevisets stilling.
Men etterforskingsleiaren har ikkje gitt opp å få ei forklaring på kva som skjedde med den unge kvinna.
– Me jobbar med denne saka kvar einaste veka. Den vil alltid vera på sakskartet vårt.