Hopp til innhold

Amerikanske turgåarar funne i god behald

Politiet fekk uromelding frå turgåar i natt. No er dei to amerikanske turistane funne i fin form i ei hytte ved Trolltunga.

trolltunga og skjeggedal

SISTE: Dei to amerikanske turistane er funne i god behald, melder politiet. Dei to vart funne i ei hytte ved Gryteskar.

Det var like etter midnatt at Hovudredningssentralen og politiet setje i verk ein leiteaksjon i Skjeggedal opp mot Trolltunga i Odda. Ein turgåar melde frå om at han hadde treft to unge amerikanarar på tur, og tenkte at dei kanskje kom til å få problem.

– Turgåaren fortalde at ein av dei to hadde skader eitt kne. Men det er ikkje mobildekning i området, så det tok fire timar før turgåaren var på ein stad der han kunne kontakte oss, fortalde operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet til NRK like før klokka 05.30.

Funne i god behald

HRS bestemte seg for å sende Sea King-helikopter i området for å prøve å lokalisere dei to amerikanarane. Også to lag frå Kinsarvik Røde Kors har gått langs stien oppover i Skjeggedal.

Dei frivillige hadde i halv sekstida sjekka 11 hytter i området utan å finna folk. Men i ei hytte ved Gryteskar vart dei to amerikanske turistane lokalisert.

Dei var begge i fin form og leiteaksjonen er dermed avslutta med lukkeleg utfall.

– Dei to var ikkje klar over at det blei leita etter dei. Dei hadde gitt beskjed til turgåaren som var uroa om at det kom til å gå fint med dei. Men det er uansett best for oss å vera på den sikre sida, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Mikkelsen til NRK klokka 07.00.

Laster Twitter-innhold

Mange aksjonar

Trolltunga i Odda er ein blitt ein svært populær tur, men den er veldig krevjande for fleire.

Dei siste åra har fleire og fleire turistar ynskja å ta den fleire timar lange turen opp til det spektakulære bergutspringet og ikkje alle er like godt førebudd. Det har ført til at talet på aksjonar frå naudetatane nærast har eksplodert dei siste åra.

I september fall ei 24 år gamal kvinne frå Australia i døden ned frå sjølve Trolltunga, medan ein asiatisk turist var døden nær etter å ha falle gjennom ein snøsprekk på veg opp Skjeggedal i juni.

Kø for å komme ut på Trolltunga

Trolltunga i Odda er blitt ein svært populær tur.

Foto: Tom Ingebrigtsen