Hopp til innhold

Leitar etter biltjuv etter innbrot i natt

Varebil stole frå eit firma i Åsane i natt. Ferden enda i ei grøft i Ytre Arna.

biltyveri åsane

Politiet fekk melding om innbrotet hjå eit firma i Liamyrane klokka 00.20 natt til onsdag.

- Ein eller fleire personar har stukke av med ein firmabil, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK.

Bilen vart seinare på natta oppdaga av ein politipatrulje som la seg på hjul.

Ferden i ei grøft i Sørfjordvegen i Ytre Arna klokka 04.17, kring åtte kilometer frå Liamyrane i Åsane. Men politiet fekk ikkje arrestert nokon.

- Bilen var heil og hadde ingen større skadar, men det var ingen personar å sjå, seier Magnussen.

Hundesøk og kameraovervaking

Ein hundepatrulje frå politiet har gjort undersøkingar ved bilen, men utan at det har ført til pågripelse i saken.

- Vi har ingen mistenkte førebels, men vi har patruljar som framleis gjer søk i Ytre Arna. Etterkvart vil nok saka gå over til etterforsking, seier Magnussen.

Han fortel at dei har sett gjennom bilder frå kameraovervakinga til bedrifta i Liamyrane, utan at det har sett dei på sporet av tjuven eller tjuvane.

- Dette vil sjølvsagt bli fulgt opp, avsluttar Magnussen og legg til at det ellers har vore ei roleg natt i Hordaland politidistrikt.

Har du tips i saka kan du ringa politiet på 02800.