NRK Meny
Normal

Fann sakna 76-åring etter tips frå publikum

Den demente 76-åringen som har vore sakna sidan i går blei funnen rundt 10.30 i føremiddag. – Vi må takke for tipsa vi fekk frå publikum. Dei førte til at vi fann han, seier politiet.

Laster kart, vennligst vent...

76-åringen forsvann frå ein sjukeheimen i Sandviken i går kveld. Det er ingen sport etter mannen så langt.

76-åringen stakk av frå ein sjukeheim i Sandviken rundt klokka 18.45 i går.

Han har truleg vore ute heile natta kledd i ei svart dressbukse og jakke. Det har blitt gjort søk med hund, samt at drosjeselskapa er informert, men ingen såg noko til han.

– Vi sendte ut ei skildring av han i morgontimane og fekk mange tips om at han var observert i området rundt Marineholmen. Vi sendte ut ein patrulje som traff på han i Nye Sandviksvei. Det er så kjekt når folk engasjerer seg, seier operasjonsleiar Tatiana Knappen.

Frakta til lege

76-åringen var våt og kald då han blei funnen, men tilstanden er ikkje alvorleg.

– Ein ambulanse frakta han til legevakta slik at han får seg ein sjekk der. Deretter vil han blir frakta heim til sjukeheimen, fortel Knappen.

Mannen stakk av frå sjukeheimen han bur på i Sandviken i går kveld.

– Dei tilsette fann han ikkje igjen, og vi har leita etter han gjennom natta. Han har også tidlegare forsvunne frå sjukeheimen, men då har han alltid kome tilbake, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Også familien har vore med på å leite etter mannen gjennom natta.

Kan stå fram som forvirra

Mangelen på spor etter 76-åringe førte også til at ein gjekk gjennom sjukeheimsinstitusjonen for å forsikre seg om at han ikkje var inne i bygget.

På morgonkvisten vil politiet gjere ein ny gjennomgang, og tok i tillegg kontakt med hotella i Bergen sentrum. Mannen hadde ikkje med seg verken pengar eller mobiltelefon.

Siste video

Ein person mista livet då eit stort snø- og jordras trefte Odda i 1993.
Programleiar er Jan Børge Leirvik
Programleiar er Jan Børge Leirvik