Leiar for landets største nynorskkommune: – Nynorsk er eit vakrare språk

Ein FrP-kommune nær den vestnorske bokmålsbastionen Bergen har flest nynorskelevar i Noreg. Medan Bergen står for det meste av nynorsknedgangen i landet.

Os kommune i Hordaland er den kommunen med flest nynorskelevar.

2660 NYNORSKELEVAR: Ivar Aasen «svever over vatna» i Os kommune. Ingen andre norske kommunar har fleire grunnskuleelevar med nynorsk som hovudmål.

Foto: Sindre Vik Helgheim/Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Norske grunnskular har dette skuleåret til saman 76.137 nynorskelevar. Det er 12 prosent av alle elevane, og 215 færre enn året før.

Talet på nynorskelevar i Noreg har i mange år gått nedover. Men i Os kommune går det motsett veg.

Os har i år blitt kommunen med flest nynorskelevar.

2660 har nynorsk og 314 bokmål i kommunen der Terje Søviknes (Frp) er ordførar.

Tala blei fyrst omtala av nettavisa framtida.no.

I Os snakkar me strilemål. Me seier «ikkje» og «dei». Personleg brukar eg sjeldan bokmål, seier varaordførar Marie E. Bruarøy (H).

Størst auke i talet nynorskelevar i skuleåret 2018/19

Kommune

2017/18

2018/19

Endring

Os

2490

2660

170

Sund

845

938

93

2512

2589

93

Eid

771

806

35

Klepp

1619

1652

33

Osterøy

787

814

27

Sauda

521

547

26

Strand

905

931

26

Fjaler

346

368

22

Gaular

421

438

17

Hjelmeland

332

348

16

Rennesøy

173

189

16

Tysvær

451

467

16

Hareid

611

627

16

Sula

1252

1268

16

«Ensomme bokmålinger»

Sju av tolv grunnskular i Os har null bokmålselevar. Ein av dei har ein einsleg bokmålselev blant 61 nynorskingar.

– Nynorsk er eit vakrare språk og har langt meir identitet enn bokmål, meiner Bruarøy.

Marie Bruarøy

AUKE: Varaordførar Marie Bruarøy (H) i Os kommune er strålande nøgd med å vere største kommune målt i talet på nynorskelevar. Kommunen har 170 fleire nynorskelevar i skuleåret 2018/19 samanlikna med året før.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Både i absolutte tal og vekst slår ingen Os.

– Kommunen har mange eldsjeler som dyrkar nynorsk. Me er ein vekstkommune. Det er truleg bakgrunnen for auken, seier varaordføraren.

Ei sak frå 2011 tyder på at det lenge har vore stridt å vera bokmålselev i Os:

I mange tiår var Stord, lenger sør i Hordaland, den leiande nynorskkommunen i Noreg. I år gjekk talet ned med 32, men der er det framleis einsamt å vera bokmåling: 2475 har nynorsk og 13 bokmål i skulen.

Til og med Volda, midt i Ivar Aasen-land, har nedgang i talet på nynorskelevar.

Nynorskelevar på landsbasis

Fylke

Talet på elevar

Østfold

1

Akershus

1

Oslo

0

Hedmark

4

Oppland

3 483

Buskerud

679

Vestfold

0

Telemark

1 884

Aust-Agder

684

Vest-Agder

737

Rogaland

14 436

Hordaland

24 433

Sogn og Fjordane

13 632

Møre og Romsdal

16 158

Trøndelag

4

Nordland

0

Troms

1

Finnmark

0

Heile landet

76 137

Utlandet

11

Sjå heile statistikken og sjekk din kommune på Utdanningsdirektoratet si side.

Bergen gjer Noreg mindre nynorsk

Medan Os har flest og veks mest, er nedgangen størst i nabokommunen i nord. Bergen har dette skuleåret berre 1,5 prosent nynorskelevar: 439 av dei 29.049 skuleelevane. Det er ein nedgang på 111 elevar, eller 20 prosent, på berre eitt år.

Bergen åleine står med andre ord for over halvparten av den nasjonale nedgangen.

– Det kan vere fleire grunnar til at talet på nynorskelevar i Bergen har gått ned sidan sist skuleår. Ein slik nedgang er sjølvsagt ikkje noko me ynskjer, skriv skulebyråd i Bergen, Roger Valhammer (Ap), i ein e-post.

Størst nedgang i talet nynorskelevar i skuleåret 2018/19

Kommune

2017/18

2018/19

Endring

Bergen

550

439

-111

Ålesund

672

601

-71

Fjell

1082

1018

-64

Fræna

411

358

-53

Kvinnherad

1674

1631

-43

Førde

1881

1838

-43

Stord

2507

2475

-32

Fusa

400

369

-31

Høyanger

498

467

-31

Vågsøy

620

589

-31

Flora

1574

1544

-30

Luster

664

634

-30

Volda

1131

1101

-30

Sel

219

190

-29

Sunndal

221

192

-29

Bystyret vedtok ein språkbruksplan i februar der det står at kommunen skal styrkja nynorsken.

Styrking av nynorskopplæringa i barnehage og skule er viktig, både for dei som har nynorsk som hovudmål og for dei som har det som sidemål.

Roger Valhammer ny skulebyråd i Bergen

OPPLÆRING PÅ NYNORSK: – Dersom det er ti foreldre eller fleire innanfor ein skulekrins som ynskjer nynorsk, så har dei rett til å starta ein eiga nynorskklasse, seier skulebyråd Roger Valhammer (Ap).

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Må hegne om små nynorskskular

Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, gler seg over at talet på nynorskelevar er det høgaste sidan skuleåret 2010–11 i Hordaland.

– Folk har blitt meir medvetne om at nynorsk er eit godt og kurant språk.

Magne Aasbrenn

TYDELEG: – Politikarane i Os fører ein god og tydeleg nynorskpolitikk, og da blir det slik at dei som flyttar til Os, skjønner at det er nynorsk som er det rådande språket her, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

– Nynorskelevane er primært på Vestlandet. Kva kan gjerast for å auke talet på nynorskelevar elles i landet?

– Blant anna må lærarutdanninga bli betre på nynorskundervisning. I store byar som Oslo, Trondheim og Tromsø bør det alltid vere eit tilbod om nynorsk parallellklasse i grunnskulen. Og politikarar over heile landet må hegne betre om små nynorskskular og ikkje slå dei saman med store bokmålsskular.