Hopp til innhold

Får tjuvane til å tilstå - likevel legg politiet vekk sakene

Kjøpmannen får butikktjuvane til å skrive under på at dei har stelt varer, men politiet har ikkje ressursar til å etterforske alle sakene.

Kjøpmann Dag Rune Torgersen på Rema 1000

GOD OVERSIKT: Kjøpmann Dag Rune Torgersen ved Rema 1000 på Danmarksplass i Bergen tar mange tjuvar på fersk gjerning i butikken sin.

Foto: NRK

– Det vert stilt strengare krav til bevis i dag enn det gjorde for kanskje berre fem år sidan, seier politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon.

Som NRK fortalde i går, har politiet i Hordaland ei klar prioritering som seier at dei ikkje skal etterforske brotsverk utan personskade eller store verditap når det er knapt med ressursar.

Døme på slike brotsverk kan vera dieseltjuveri eller tjuveri frå butikkar.

Får underskrifta til tjuven

Det blir naska for fleire milliardar i norske butikkar. Ved Rema 1000 på Danmarksplass i Bergen har butikksjef Dag Rune Torgersen meldt over 100 personar til politiet.

Men han opplever at politiet ikkje har tid, sjølv om han mellom anna sit med overvakingsopptak der tjuvane blir tatt på fersk gjerning inne i butikken.

– Her har vi bilde og gjerne får vi også namn og signatur på at gjerningspersonen sjølv erkjenner tjuveriet, seier Torgersen.

Kjøpmann stoppar tjuv på veg ut av butikken

Her har Torgersen stoppa ein tjuv på veg ut av butikken hans. Han får mannen med seg inn på bakrommet, der han saman med ein vektar får tjuven til å tilstå med namn og underskrift.

Foto: Overvakingskamera / Rema 1000

Strengare beviskrav

Men sjølv om butikktjuven har tilstått, er det ikkje sikkert det held som bevis i retten.

– Det er vanskeleg. Sjølv om vi har namn, så må det vera bevist utover rimeleg tvil at den personen som er namngjeven har gjort seg skuldig i det straffbare forholdet, forklarar Salvesen i politiet.

Ein av konsekvensane er dei som har lidd eit tap i ei vinningssak til dømes, ikkje får full økonomisk dekning for sitt tap.

– Kva tenkjer du om at enkelte saker blir lagt vekk, sjølv om gjerningspersonen er kjent?

– Det syns eg er frykteleg synd, svarar Salvesen.

– Og då tenkjer eg først og fremst på den alminnelege rettsoppfatninga til borgarane. Men det er ikkje til å stikka under ein stol at politiet ikkje har dei ressursane som vi hadde trengt.

Tore Salvesen

Politistasjonssjef Tore Salvesen ved Bergen vest politistasjon.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Vi må prioritera

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt trur folk flest forstår at politiet må prioritera dei aller mest alvorlege sakene først.

– Vi har knappe ressursar, og i desse tider må vi prioritera langt meir alvorlege saker som til dømes seksuelle overgrep mot born. Men vi gjer løpande vurderingar og det er ikkje slik at vi prioriterer vekk vinningsbrotsverk som dieseltjuveri på permanent basis.

Fleire bedriftseigarar fortel til NRK at dei har mista tilliten til politiet, og nokre har gått så langt at dei sjølv tar eit oppgjer med dei som stel varer frå dei.

– Det er ikkje greitt. Vi følgjer med på kriminalitet som dieseltjuveri og ønskjer å få beskjed om at det skjer. For mykje av dette er organisert kriminalitet som inneber store økonomiske interesser og då er det høgare opp på prioriteringslista med eingong, presiserer Songstad.

Kaare Songstad

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden