Hopp til innhold

Legg vekk saka mot lensmannskontoret

Ingenting tydar på at nokon i politiet har fjerna blodprøva av den promillemistenkte piloten etter helikopterstyrten i fjor. – Sterkt beklageleg at saka vert lagt bort, meiner helikopterselskapet.

Helikotperulukke

STYRTA MED FEM OM BORD: Halepartiet til helikopteret som styrta ved Røldal skisenter i fjor vart riven av i styrten. Alle dei fem personane i helikopteret overlevde.

Foto: Egil Torheim / NRK

Det var 27. april i fjor at eit helikopter styrta i bakken ved Røldal skisenter. Politiet har heile tida mistenkt at piloten som førte helikopteret var rusa, men blodprøva av piloten forsvann plutseleg frå lensmannskontoret i Odda.

I over eitt år har Spesialeininga for politisaker etterforska Odda lensmannskontor for å finna om det er politiet som har gjort ei kriminell handling og fjerna blodprøva frå politistasjonen. No har dei konkludert.

– Det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har tatt denne prøva, seier Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga til NRK.

Ferdig etterforska

presthus

LEGG VEKK SAKA: Jan Egil Presthus, sjef for Spesialeininga for politisaker, seier at det ikkje er noko som tydar på at politiet har fjerna blodprøva frå lensmannskontoret.

Foto: NRK

Politiet var tidleg ute og fortalde at dei hadde mistankar om at piloten var rusa før flyet styrta, og same dag som ulukka skjedde vart det tatt blodprøve av piloten.

Blodprøva var eit av dei mest sentrale bevisa i saka, men blodprøva var borte vekk frå Odda lensmannskontor då politiet kom på jobb «til normal kontortid» etter ulukka.

– Me har gått inn for å kartlegge om det kan vera tilsette i politiet som har gjort noko straffbart i denne saka. Men det er ingenting som tydar på at nokon i politiet har fjerna prøva, seier Presthus.

Presthus vil ikkje gå vidare inn på om det er teikn på at andre har brote seg inn på Odda lensmannskontor og fjerna prøva.

Saka vert lagt bort

Etterforskinga har bestått av å avhøyre tilsette i politiet og andre vitne. I tillegg er det gjennomført fleire kriminaltekniske undersøkingar for å sikre mogelege DNA spor og fingeravtrykk.

Men no er saka lagt bort av Spesialeininga.

– Kvifor har etterforskinga tatt så lang tid?

– Det som dessverre har tatt lang tid er å få svar på dei kriminaltekniske analysane som er gjennomført, seier Presthus.

– Leit at vi ikkje får svar

Det var eit helikopter frå Fonnafly som styrta i ulukka, då det skulle frakte personell opp til toppen av skianlegget i forbindelse med ein konkurranse.

Dagleg leiar Sverre Underbakke seier til NRK seier det er leit at dei ikkje får noko svar på kvar blodprøven kan ha blitt av.

– For vår del har det vore viktig å få blodprøven for å reinvaska piloten frå ein eventuell promillemistanke. No har det gått over eitt år sidan ulukka, og vi veit ikkje ein gong kor blodprøven har tatt vegen, seier Underbakke.

– Det er sterkt beklageleg for oss som selskap, og også for piloten som har hatt dette hengande over seg i så lang tid.

– Kan bli etterforska vidare av politiet

Sjølv om saka mot Odda lensmannskontor er lagt bort, er det framleis mogeleg for politiet å finne ein gjerningsmann, ifølgje Presthus.

– Me har lagt bort saka frå vår side. Men politiet kan framleis straffeforfølgje eventuelle gjerningsmenn utanfor politiet.