Hopp til innhold

Legg vekk korrupsjonssak mot bergenslege: – Har vore ei enorm belastning

Etter to og eit halvt år er korrupsjonssaka mot ein lege og kona hans lagt vekk. No varslar dei erstatningskrav.

Rolf Knudsen og Per Magne Kristiansen

LEGG VEKK SAK: Forsvararane til legen og kona, Rolf Knudsen og Per Magne Kristiansen, seier klientane deira er letta over at korrupsjonssaka mot dei er lagt vekk.

Foto: PAUL ANDRE SOMMERFELDT / NRK

Fastlegen i 50-åra vart pågripen og sikta for grov korrupsjon i april 2017. Bergensavisen skreiv at politiet meinte legen hadde teke betalt for å skriva ut falske sjukemeldingar.

Legen var varetektsfengsla i totalt seks veker, før han slapp ut. Kona til legen vart også arrestert.

Fredag ettermiddag kalla forsvararane Rolf Knudsen og Per Magne Kristiansen inn til pressekonferanse i Bergen.

Der fortalde dei at saka mot både legen og kona no er lagt vekk, etter to og eit halvt år.

– Det er ei lette for min klient. Det har vore ein enorm belastning å ha dette hengande over seg i så lang tid, seier Rolf Knudsen, som har representert legen.

Helsetilsynet opplyser at dei har ei annan tilsynssak på legen under behandling. Denne saka vart meldt inn i juni i år.

Vil kome erstatningskrav

Forholdet er lagt vekk på bevisets stilling. No varslar forsvararane at det vil koma eit erstatningskrav.

Politiadvokat Sigurd Granli er av dei som har hatt påtaleansvar i saka.

– Vi kommenterer ikkje innstillinga om å legge vekk saka på bevisets stilling. Når det gjeld erstatningskrav, vil vi behandle det, om det kjem, seier Granli til NRK.

Politiet spana på legen både privat og på arbeid før dei arresterte han 4. april 2017. Han vart sittande seks veker i varetekt fram til 16. mai.

Legepraksisen har heldt fram i perioden etter han kom ut av varetekt.

Pasient som varsla

BA skreiv i mai 2017 at det var ein pasient som slo alarm mot legen. Han varsla Pasientombudet om at han hadde utført arbeid på legen sitt hus.

Pasienten fortalde at legen hadde skrive ut kortvarige sjukemeldingar, og spurt han om tenester ved fleire anledningar, som å måle huset, henta møblar på Ikea og skifta dekk på bilen til legen.

Kona vart også på eit tidspunkt sikta i saka. Forsvarar Kristiansen seier at det har vore vanskeleg for familien at begge vart kopla inn i saka.

Fastlegen har heile tida nekta for korrupsjon. Knudsen seier saka er spesiell fordi den fekk så mykje mediemerksemd.

– Saka fekk mykje merksemd i media, og media gjekk langt i å antyda kva som hadde skjedd, meiner Knudsen.