NRK Meny

Legg ned totalforbod mot open eld

Brannsjefane i Austrheim, Radøy, Lindås, Meland og Modalen legg frå tysdag klokka 08 ned totalforbod mot å opna eld utandørs. Forbodet gjeld fram til det kjem monalege mengder nedbør.

Dette medfører:

►Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.

► Ikkje lov å grilla eller tenna opp bål i nærleik av skog og mark.

► Ikkje lov å tenna bål og grilla i strandsona.

► Ikkje lov å tenna opp bål eller grilla på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagde bål- og grillplassane.

► Ikkje lov å brenna hageavfall, sjølv på eiga tomt.

Forbodet gjeld ikkje for bruk av gassgrill og el-grill i eigen hage.

Laster Twitter-innhold