NRK Meny

Legg fram plan for dyrevelferd

Som første kommune i landet, legg Bergen kommune fram ein eigen dyrevelferdsplan for perioden fram til 2020. Planen legg mellom anna vekt på ID-merking av dyr og sterilisering av kattar, skriv kommunen på sine sider. Prosjektet skal leggje til rette for eit samarbeid med politiet og Mattilsynet for å få god oppfølging av straffbare handlingar mot dyr.