Kvinnene vart ikkje informert om at legestudentar fekk lov til å undersøke dei medan dei låg i narkose. Det er studentavisa Studvest som skriv dette i dag.
Ikkje slik i dag
Professor i gynegologi Roar Sandvei ved Haukeland Sjukehus avviser at dette skjer på same måten i dag. Nå får pasientane eit brev før dei skal leggjast inn der det går fram at Haukeland er eit universitetssjukehus.
Møter studentar
- Det inneber at pasientane møter legestudentar. Me reknar med at pasientane forstår at studentane også er med på undersøkingane, ikkje bare står og observerer, seier Sandvei. Han meiner dette er informasjon god nok.