Legestudentar som Rine (23) kan miste studiestøtte: – Det er veldig urettferdig

Ekspertutval foreslår kutt i studiestøtta for å «hente heim» norske legestudentar. – Dei seier at utanlandsstudentar er mindre verdt, rasar studentorganisasjon.

Legestudentar i Slovakia. Frå venstre: Sondre Svenungsen, William Solheim, Rine Jørgensen Kjeilen, M

REAGERER: Legestudent Rine Jørgensen Kjeilen (nr. to f.h.) i Slovakia, reagerer på forslaget om kutt i studiestøtta. Her saman med studentkollegaene Sondre Svenungsen, William Solheim og Mads Hagen (t.h.).

Foto: Privat

Onsdag føreslo eit ekspertutval å auke talet på studieplassar på medisinutdanningane i Noreg frå 636 til 1076.

I dag studerer nær halvparten av norske legestudentar i utlandet, i hovudsak i Polen, Ungarn og Slovakia. Som eitt ledd i å «hente heim» legestudentane, foreslår utvalet gradvis kutt i studiestøtta deira.

– Det er veldig urettferdig at dei vil diskriminere slike som oss, som har reist til utlandet for å studere medisin, seier Rine Jørgensen Kjeilen (23).

Ho går andreåret på legestudiet i byen Martin i Slovakia.

Arisha Nawaz, leder for Norske medisinstudenters forening i Norge

POSITIV: – Vi er positive til fleire studieplassar i Noreg, seier Arisha Nawaz, leiar for lokallaget til Norsk medisinstudentforening i Bergen.

Foto: Christian Lura / NRK

– Forskjellsbehandling

Sjølv om levekostnadene er lågare enn i Noreg, er pengane frå Lånekassen viktige, seier Kjeilen.

– Ein stor del av pengane går til å betale skulen, og til å reise til og frå Noreg. Vi kjem tilbake etter utdanninga for å jobbe og betale skatt, så det er rart om vi skal bli behandla ulikt, meiner ho.

Ekspertutvalet meiner det er viktig at Noreg utdannar fleirtalet av norske legar sjølv, fordi studentane slik får meir innsikt og kjennskap til norsk helseteneste.

– Vi som studerer medisin i utlandet får veldig mange erfaringar som også er viktige å ha på norske sjukehus, svarar Kjeilen.

ANSA-president Hanna Flood

– EIN HÅN: Ansa-president Hanna Flood er alt anna enn imponert over forslaget til Grimstad-utvalet.

Foto: Thea Høyer

– Ein hån

Ansa, foreininga for norske studentar i utlandet, reagerer sterkt på forslaget om kutt i studiestøtta.

– Eg har sjølv opplevd ein tydeleg ovanfrå og ned-haldning frå legar utdanna i Noreg mot norske legar utdanna i utlandet, men dette forslaget tek kaka. Dette er eit nytt nivå av flåsete, seier leiar Hanna Flood.

Ho kallar forslaget eit hån mot legestudentane.

– Dette er gode studentar som jobbar like hardt som andre for å bli dyktige legar. No seier utvalet, med vilje eller ikkje, at dei er mindre verdt enn dei som studerer i Noreg.

Pressekonferanse ved Vikingskipsmuseet

FEKK RAPPORT: Statsråd for høgare utdanning, Iselin Nybø (V).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Nybø: – Rykker i liberal ryggmergsrefleks

Statsråd for høgare utdanning, Iselin Nybø (V), avviser ikkje å stoppe kuttet i studiestøtta.

– Forslaget om å kutte i støtta til studentar som tar godkjent utdanning i utlandet, gjer at det rykker i den liberale ryggmergsrefleksen min. Men no skal rapporten ut på høyring og eg vil ha innspel og synspunkt, seier ho.

Utvalsleiar Hilde Grimstad understrekar at forslaget er meint for å stoppe fleire legestudentar frå å dra utanlands, og at dei ikkje ønskjer å råke dei som allereie er ute.

– Kutt i studiestøtta må skje parallelt med auke i studiekapasiteten i Noreg, seier Grimstad.

Norsk medisinstudentforening, som òg representerer mange utanlandsstudentar, er positiv til fleire studieplassar i Noreg,

– Utanlandsstudentane får ikkje så mykje praksis i utdanninga, og mange må difor jobbe ekstra i feriar, påpeiker leiar i Bergen, Arisha Nawaz.