NRK Meny
Normal

Leciejewski ute med skade

Skade hjå nykomar kan gje Håkon Opdal eit fortrinn i keeperkampen i Brann.

Video Piotr ute med skade

Piotr Leciejewski sat på sidelinja då Brann gjennomførte føremiddagsøkta på La Manga måndag. Det er ein leddbandskade i tommelen som set polakken ut av spel.

Den skadde tommelen til Piotr Leciejewski

Den skadde tommelen til Piotr Leciejewski.

Foto: Ketil Jordan / NRK


Seriestarten i fare

– Eg kan uansett ikkje spela no, og veit ikkje kva tid eg kan vera tilbake i aksjon, seier Leciejewski.

Det var under eigentrening saman med keepertrenar Dan Riisnes laurdag at polakken fekk ein ball i tommelen. Rivalen Håkon Opdal skulle uansett stå treningskampen mot Fredrikstad og får no på ny sjansen til å visa seg fram når Brann møter Sarpsborg 08 på La Manga i morgon.

Keeperen som kom frå Sogndal i vinter er svært skuffa over å verta sett ut av spel i sesongoppkøyringa.

– Eg skulle ønskja at eg kunne vore med og fått vist at eg er den beste keeperen, som kjempar ein tøff duell med Opdal om å få vera førstekeeper for raudtrøyene.

MR-undersøking i Bergen

Piotr Leciejewski

Piotr Leciejewski er svært skuffa over at han er blitt skadd.

Foto: Ketil Jordan / NRK

– Det er ein leddbandskade, og me vil undersøka Piotr når me er tilbake i Bergen, seier Knut Fjeldsgaard, som har det medisinske ansvaret for bergensarane på La Manga.

Branns målvakt Håkon Opdal

FÅR SPELE: Brann-keeper skulle vera reserve mot Sarspborg 08.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Sidan det er leddbandet som har fått seg ein trøkk må Leciejewski gjennom ei MR-undersøking når raudtrøyene vender tilbake til Bergen.

– Me må nok halda han litt tilbake, for han er veldig interessert i å spela, seier legen.
– Kva tid kan han vera tilbake på bana?
– Det er det store spørsmålet, i dag veit me ikkje, avsluttar Knut Fjeldsgaard.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.