– Vasstanden er venta å verta veldig høg. Laurdag er det venta å bli ekstra ille, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Trond Thorsteinson.
Klokka 11.40 var floen på sitt høgste nivå, med 196 cm over sjøkartnull. I natt stig vatnet til 205 cm, medan det laurdag kl. 12.30 er venta vannstand på 214 cm.
– Det er særleg i morgon den vil stiga. Då er det snakk om 60–85 centimeter over det som er oppgitt i tidevannstabellen.
Meteorologane sende torsdag kveld ut OBS-varsel for vestlandsfylka.
– Bryggen er i risikosona, særleg på laurdag. Det kan finna på å skvulpa innpå i dag og, men det er skjer mest sannsynleg i morgon.
Thorsteinson ber folk sikra tinga sine.
– Det gjeld i hovudsak dei som har ting i fjøresteinane, båtar som kan flyta lenger opp enn vanleg og naust som kan ta inn vatn.
.
Månen og vind gir stormflo
Det er fleire grunnar til at vatnet blir så høgt, fortel statsmeteorolog Gunnar Livik.
Fredag er to dagar etter nymåne, og då er maksimalt tidvatn høgst.
Når vinden kjem frå sør-sørvest tek den med seg meir vatn inn mot kysten, og det blir det stor oppståing av vatn.
I tillegg til høg vasstand kan det bli mykje bølger. Pass på å rydde inn ting som kan flyte av garde når vatnet står høgt, og sørg for at båtar og flytebrygger er godt sikra.