NRK Meny
Normal

Laura (20) var lei av å ikkje kunne hjelpe

No samlar ho inn julegåver til flyktningbarn og andre som treng hjelp i jula.

Laura Søvold på Bømlo har starta julegåveaksjon

VIL HJELPE: Då juletreet kom inn dørene på nærbutikken der Laura Søvold jobbar, fekk ho ein idé om ein julegåveaksjon.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

20 år gamle Laura Søvold jobbar deltid på nærbutikken Joker Finnås på Bømlo i Hordaland. Då ho skulle pynta den nye kaffikroken på butikken til jul, fekk ho ein idé.

– Då me fekk inn juletreet tenkte eg det kunne vera koseleg å få nokre pakkar under der, seier Søvold.

No har butikkmedarbeidaren sett i gong ein julegåveaksjon. Her kan innbyggjarane pakka inn kva som helst og legga det under treet. Gåvene vil deretter bli gitt vidare til dei som treng ein ekstra omtanke aller mest i jula.

– Kan gleda mange

I dag går startskotet for julegåveaksjonen til 20-åringen på Bømlo.

– No når det nærmar seg jul kjem det same spørsmålet opp att. «Kva ønskjer eg meg?». I mange år har eg svart at eg ikkje veit. Mange kan nok kjenna seg att i det.

– For mange så kan det letta på samvitet å vera med å bidra til ein god ting som dette her. Sjølv om ein ikkje gjer allverden, så kan ein gleda mange med ei gåve under treet her, seier Søvold.

Ho oppfordrar bømlingane til å bidra og seier gåvene ikkje treng å vera dyre, det er tanken som tel. Gåvene kan vera anonyme, men det blir oppfordra til å merke dei med kven gåva passar for.

Anne Johannessen i Bømlo Frivilligsentral

Anne Johannessen i Bømlo Frivilligsentral tek imot julegåveaksjonen til Laura (20) med opne armar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Fantastisk

Anne Johannessen i Bømlo frivilligsentral skal hjelpa til med å fordela julegåvene som kjem inn. Ho er begeistra for initiativet frå 20-åringen.

– Det er klart me ville vera med på dette. Me har eit nettverk rundt oss slik at me kan fordela gåvene til mellom anna mottaket, barnevernet, vaksenopplæringa og Nav, seier Johannessen.

Både ho og Laura Søvold i butikken er spent på oppslutninga. Førebels er kundane på nærbutikken svært positive.

– Det er første gong vi gjer dette, men eg håpar det kjem pakkar under treet slik at det syner at folk bryr seg om kvarandre, avsluttar den 20 år gamle initiativtakaren.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo