Etter å ha talt utanlandske vogntog ved 20 teljepunkt over heile landet, konkluderer Noregs Lastebileigarforbund med at det er fleire utanlandske transportaktørar på norske vegar enn for to år sidan.
– Målinga viser at delen utanlandske lastebilar i Noreg er stadig aukande. Me treng strengare og klarare regelverk for å ta vare på norsk transportnæring, seier forbundsdirektøren til NRK.
- Les også:
Aukar med nesten ti prosent
Teljedugnaden, som sysselsette over 500 hundre tilsette og frivillige i 24 timar 13. og 14. juni, har som mål å finna ut kor mange utanlandske køyretøy som opererer i Noreg. Per i dag finst det ikkje ei slik offisiell oversikt.
Teljeaksjonar i 2013 og 2015 indikerte at kvart tredje tunge køyretøy stamma frå utlandet, dei aller fleste frå Aust-Europa. Årets tal viser at delen framleis er like høg.
- Les:
Frå 2015 til 2017 har talet på utanlandske lastebilar ved alle teljepunkt auka frå 7.502 til 8.201.
Det svarar til ei auke på 9,3 prosent, og er høgare enn Statistisk sentralbyrå (SSB) sine registrerte tal for grensekryssande gods, som i same tid berre auka med 6 prosent.
– Sidan me har utført liknande teljingar ved same tidsrom tidlegare, gir dette ein god indikasjon på utviklinga, seier Mo.
– Men målinga de har gjort viser at delen utanlandske lastebilar framleis utgjer ein tredjedel av transporttrafikken. Korleis er det ei auke?
– Dette er ei augenblinksmåling. Tilbakemeldingar frå medlemene våre over heile landet er at konkurransen hardnar til ved at fleire aktørar også deltek i lokaltransport og distribusjon.
– Talet går opp, også langt unna grensene
Ved tolv av dei 20 teljestadene er det auke. Størst var auken av utanlandske vogntog på E16 ved Skei i Jølster. Samanlikna med i 2015, er talet meir enn dobla.
At talet på utanlandske vogntog går opp på lokale strekningar, også heilt vest i landet, indikerer at fleire utanlandske aktørar opererer på norske vegar, meiner forbundet.
- Les:
Lastebileigarforbundet mistenkjer at talet på utanlandske transportselskap som køyrer last mellom to adresser i Noreg, såkalla kabotasjekøyring, aukar.
Fryktar nytt EU-forslag
Særleg er det eit nytt EU-forslag som skapar misnøye. Undersøkinga underbyggjer hypotesen om at marknaden er under press, meiner Mo.
– Rapportar og ulukkesstatistikkar viser at ein aukande del utanlandske transportørar, vil gi ein lite gunstig trafikktryggleik i Noreg.
Thormod Gausdal er seksjonsleiar i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane. Ved Lærdalstunnelen på E16 i Sogn og Fjordane anslår han at dei kontrollerer fleire utanlandske sjåførar enn norske.
– Inntrykket vårt er at me ser ei auke av utanlandske sjåførar. Med omsyn til køyre- og kviletidsreglane kontrollerer me flest utanlandske. Det er gjerne nordmenn som oftast blir tekne for brot på reglane, men dei grovaste tilfella står utanlandske sjåførar eller selskap bak.