Hopp til innhold

Lastebil køyrde i autovernet

Føraren blei sendt til sjukehus etter å ha mista kontrollen over lastebilen.

Kollisjon Fritz C. Riebers vei

I AUTOVERNET: Lastebilen køyrde i autovernet på E39 på Sjølinjen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Politiet fekk melding om trafikkulykka like før klokka 10.30.

– Det skal vere snakk om store materielle skader på lastebilen, men vi veit førebels ikkje noko om personskadar, seier Terje Magnussen ved Hordaland politidistrikt.

Trafikkulykke Sjølinjen
Foto: Anders Ekanger / NRK

Lastebilen har skrapt langs betongrekkverket langs europavegen mellom 50 og 100 meter før den stoppa.

Føraren til sjukehus

Føraren av lastebilen blei frakta med ambulanse til Haukeland sjukehus.

Ulukka skjedde i nordgåande retning nokre hundre meter etter påkjøringa frå Hop. Vegen blei ei kort stund sperra for all trafikk, og bilistar måtte ta gamlevegen forbi Paradis.